Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsauken held fram

 (26.09.2017)

I førre veke passerte Noregs Mållag 12 412 betalande medlemer. Det er det høgaste medlemstalet sidan fyrst på 90-talet.

– For organisasjonen er det viktig å ha mange medlemer. Det gir oss betre gjennomslagskraft etter eit stortingsval der alle partia som gjekk fram, var parti med gode nynorskformuleringar i programmet. Det er godt å sjå at folk som vil nynorsken vel, melder seg inn hos oss. Jo sterkare vi blir, jo lettare blir det å arbeide for språkleg rettferd, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Då Mållaget talde opp i organisasjonen 31. desember 2016, enda teljinga på 12411 betalande medlemer. Det var det høgaste medlemstalet sidan 1991. I 2017 er den gamle rekorden passert alt før laget set i gang verveaksjon 1. oktober.

I fjor haust synte diskusjonen rundt administrasjonsspråk i ein eventuell Vestlandsregion med Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland at nynorsken framleis var viktig for folk, seier Aasbrenn.

– Det gledelege er at den gode medlemstilstrøyminga ser ut til å halde fram i år. Vi får medlemer frå heile landet. Det tyder at folk ser på oss som ein viktig kulturorganisasjon for det norske språket.

Her kan du melde deg inn i Noregs Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no