Vervedag 1. oktober
(28.09.2017)

Frå 1. oktober gjeld nyinnmeldingar også for 2018. Me planlegg å gjere denne sundagen til den store vervedagen i haust.
Då vonar me så mange målfolk som mogeleg vil ta opp telefonen og dele ting på Facebook.
Her er våre tips for å lukkast med vervinga:
1. Hugs at folk berre treng å få spørsmålet «Vil du bli medlem?». I verste fall får ein eit nei
2. Hugs at me har husstandsmedlemskap: ein medlem som bur på same adresse som ein fullt betalande medlem, får halv pris av vår sentrale sats, og får ikkje Norsk Tidend i posten. Innmeldingsprisen på 200 kr er den same.
3. Start med dei næraste (familie og vener). Send ei melding på Facebook og spør!
4. Medlemer som ikkje har betalt, kan bruke konto nummer 3450 19 80058, og merkje betalinga med kva det gjeld. Ta kontakt om de lurar på prisen i dykkar lag.
5. Om laget har eiga facebookside, tilrår me å lage eigen kampanje og sponse han i nærområdet dykkar. Ta kontakt om de vil ha hjelp til grafisk formgjeving.
Slik blir du medlem i Noregs Mållag? Gå til www.nm.no/innmelding.cfm eller send ei tekstmelding med NYNORSK til 2490, og du vert medlem ut 2018 for berre 200 kroner.
|
|