Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inspirasjonsdag i Vadsø

 (20.10.2017)

Varanger Mållag ved Rønnaug Ryssdag (t.v.) og skrivar Sigrid Skarstein (t.h.) var særs nøgd med seminaret. I midten sit innleiarane professor Trond Trosterud (t.v) og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. (Foto: Bjørn Hildonen)

Torsdag 19. oktober samla Varanger Mållag og Noregs Lærarmållag om lag 30 norsklærarar frå Finnmark til nynorsk inspirasjonsdag i Vadsø. 

Det var veldig godt oppmøte på seminaret og den fyrste innleiinga dei fekk høyre var professor Trond Trosterud frå Universitetet i Tromsø, som snakka om tilhøvet mellom bokmål, nynorsk, samisk, kvensk og finsk i skuleverket i nord.

Deretter var det Magne Aasbrenn, lektor i norsk frå Fredrikstad og leiar i Noregs Mållag, som gav "Førstehjelp for sidemålslæraren." Han har lang erfaring med sidemålsundervisning i Fredrikstad og tok i bruk mange døme frå denne undervisninga. 

Medan Marit Wadsten og Reidun Kydland gjekk gjennom kva Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret) kan gje norsklærarane av rettleiing og nyttige hjelpemiddel. 

Det var Lærarmållaget, ved Gunnar Ottne og Joakim Rønningen, som tok initiativ til seminaret og inviterte Varanger Mållag med på samarbeid.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no