Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Møte i Vaksdal

 (31.10.2017)

Live Havro Bjørnstad, tilsett i Hordaland Mållag og Noregs Mållag ynskjer å finne ut om det er mogleg å få til oppstart att av Vaksdal Mållag. Difor inviterer Hordaland Mållag og Noregs Mållag til møte i Vaksdal Mållag måndag 6. november klokka 18.00 på Dale Pizza og Grillhouse i Dalekvam.

Me har på førehand vore i kontakt med fleire medlemer og andre, og veit det er interesse for å få til ei oppattskiping. På møtet kjem òg Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag, Live Havro Bjørnstad, prosjektmedarbeidar i Hordaland Mållag og Elise Tørring, nestleiar i Norsk Målungdom.

Marit Aakre Tennø innleiar om nynorsken og målsaka i dag, og Live Havro Bjørnstad seier noko om ny nynorsk litteratur for barne, unge og vaksne.

Ta gjerne kontakt med Live Havro Bjørnstad om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen? Telefonnummeret hennar er 917 53 937.

Det er om lag 45 medlemer i Mållaget som bur i Vaksdal.  Etter måten er det mange medlemer i Vaksdal, og no trur me det kan vere mogleg å få til eit aktivt lokallag att. Hordaland Mållag er klart det største fylkeslaget i Noregs Mållag, med 23 lokallag i Hordaland, men dei kan gjerne bli fleire. Det er heilt klart at nynorsken vert styrkt av å ha lag lokalt.

Ein treng ikkje å vere medlem i Mållaget for å kome på møtet. Medlemsskap kan vi alltid ordne etterkvart.

Vi spanderer pizza til alle frammøtte! Alle er velkomne!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no