Framlegg til valnemnda
(08.11.2017)
Valnemnda har starta arbeidet sitt og vil gjerne ha framlegg frå organisasjonen til aktuelle styremedlemer. Alle fylkeslag, lokallag og einskildmedlemer kan koma med slike framlegg. Styret vert valt på landsmøtet, som skal vera 13. – 15. april 2018, i Vinje.
For at valnemnda skal få høve til å handsama alle framlegg som kjem inn, må dei sendast seinast 31. desember til:
Valnemnda i Noregs Mållag ved Steinulf Tungesvik, Lilletorget 1, 0184 OSLO eller på e-post: steinulf@gmail.com Telefonnummer til valnemndsleiaren er 918 05 620.
Vi har no toårige landsmøteperiodar. Styremedlemer skal framleis veljast for to år i gongen, og såleis står alle styremedlemer på val.
Kva bør framlegget innehalda:
-
Namn på og kontaktinformasjon til den de føreslår
-
Kva bakgrunn og kompetanse vedkomande har, gjerne verv, røynsler m.m. både i og utanfor Noregs Mållag
-
Telefonnummer til ein person valnemnda kan kontakta som kjenner den de føreslår, til dømes framleggsstillaren sjølv, eller andre som kan svara på spørsmål om kompetanse m.m. (Det kjem gjerne framlegg til valnemnda på personar som valnemnda ikkje kjenner.)
Dette arbeidsåret er styret er samansett slik:
Leiar: Magne Aasbrenn, vald fyrste gong i 2016
Nestleiar: Jens Kihl, vald i 2016 (sat også 07–09 og 10–12)
Styremedlemer: Ingrid Fiskaa, styremedlem frå 2014 (1. vara 13–14)
Peder Lofnes Hauge, styremedlem frå 2016
Inger Vederhus, styremedlem frå 2016
Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem frå 2016
Fredrik Hope, vald direkte av NMU
Varamedlemer:
1. Haakon Aase, vara frå 2016 (styremedlem 14–16)
2. Birgitta Lim Erland, vara frå 2016
3. Randi Lohndal Frestad, vara frå 2012
4. Øyvind Fenne, vara frå 2014
Desse er med i valnemnda: Steinulf Tungesvik (leiar), Ragnfrid Trohaug, Marit Krogsæter, Sigbjørn Hjelmbrekke, Åsmund Kvifte (vald av NMU).
Varamedlemer: Mats Kvaløy-Bjørbekk, Øystein Vangsnes, Aud Søyland, Kirsti Lunde (NMU) og Øystein Sandve (NMU).
|