Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Vinje

 (08.12.2017)

Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i 1818. Noregs Mållag feirar med å skipe til landsmøte i Vinje. Det blir landsmøte nummer hundre.

– No møtest organisasjonen til landsmøte annakvart år, og då er det ekstra viktig å få med seg landsmøtet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han og styret er opptekne av at landsmøtet skal få drøfta alle dei viktigaste utfordringane for nynorsken og nynorskbrukarane i dag. Dessutan skal landsmøtet gjere gode vedtak og velje eit nytt styre.

På dette landsmøtet er det vedtak av arbeidsprogram for dei neste fire åra. Då blir det alltid spennande og interessante ordskifte. I tillegg inviterer styret til eit landsmøte med mange flotte kulturopplevingar, og kanskje blir det skikkeleg ein bra fest.

– Vi ynskjer at landsmøtet skal gje kveik til utsendingar som kjem frå heile landet. Det er spesielt viktig at alle fylkeslag er representerte. Men vi er også opptekne av at nye tillitsvalde som ikkje har vore på landsmøte før, tek turen, fortel Magne Aasbrenn.

Tur til Midtbø

Programmet for landsmøtet er i ferd med å ta form. Landsmøtet skal vere i Raulandshallen i Vinje, medan utsendingane skal ha Rauland Høgfjellshotell som landsmøtehotell. Det er sett av tid til busstur med omvising på Midtbø der Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas budde med borna sine, og vi skal også få sjå Plassen der Aasmund Olavsson Vinje vaks opp og kvar det nye Vinje-senteret vert planlagt.

Forfattar Olav Vesaas vil halde føredrag om livet til Aasmund Olavsson Vinje. Olav Vesaas skreiv biografi om han tidleg på 1990-talet og har halde mange føredrag gjennom åra.

Frøy Gudbrandsen, politisk kommentator i Bergens Tidende, skal halde eit føredrag om den motkulturelle journalistikken, kva er vilkåra for den i dag og kva skal til for at nynorsken har gode vilkår i norsk presse framover. Den nye daglege leiaren på Vinje-senteret, Kristian W. Rantala, kjem og fortel om planane for senteret.

Torsdag kveld varmar vi opp med formøte for nye utsendingar og kviss på landsmøtehotellet. Fredag kveld er det kulturkveld i Vinjehuset i Åmot der Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad held konsert med mellom anna med songar av Aasmund Olavsson Vinje.

Les meir om landsmøtet og meld deg på! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no