Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Mållaget er spent på Venstre

 (10.12.2017)

 At Venstre no går i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp, kan gje nynorsken gode gjennomslag, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han har tre saker han meiner Venstre bør krevje gjennomslag for i forhandlingane:

– For det fyrste bør Venstre gå inn for språkdelt ungdomsskule, altså at elevane får gå i reine nynorsk- eller bokmåls-klassar ut tiande steget, og ikkje berre ut sjuande, som i dag. Det vil gjere det lettare for mange nynorskelevar å halde på språket sitt.

– For det andre bør regjeringsdeltaking føre til gjennomslag for tidlegare start med sidemål, slik Venstre gjekk til val på. No er norskfaget under revisjon. Denne revisjonen bør føre til betre sidemålsundervisning, som både gjev meir kunnskap og mindre fordomar.

- For det tredje må læremiddel for vaksne innvandrarar kome inn under opplæringslova, slik at dei kjem til same tid og same pris på bokmål og nynorsk. Meir enn femti kommunar har i dag norskopplæring for vaksne innvandrarar på nynorsk, men læremiddelstoda må bli betre.

Magne Aasbrenn trur Venstre vil prioritere nynorsken:

– Vi såg sist i budsjettforhandlingane at Venstre, saman med KrF, prioriterte innspela frå målrørsla. I nynorskspørsmål er Venstre til å stole på. Noregs Mållag blei skipa for 111 år sidan for å passe på målpolitikken til nettopp Venstre. Den rolla tek vi med glede framleis, avsluttar Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no