Solid medlemsvekst i Sogn og Fjordane
(15.12.2017)

Leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Hallstein Dvergsdal
Det går så det susar i Sogn og Fjordane Mållag. I dag er det 1106 medlemer i laget. Dei siste to tiåra har det gått jamnt og trutt oppover, med ein auke på nær 450 medlemer.
– Denne medlemsveksten vi har no er særs gledeleg, og vi merkar at det kjem til medlemer frå heile fylket, fortel Hallstein Dvergsdal, leiar i Sogn og Fjordane Mållag. Det er elleve aktive lokallag i Sogn og Fjordane Mållag. Hallstein Dvergsdal har på ynskjelista si å få til ny aktivitet i Flora Mållag og nytt lag i Selje og Vågsøy.
– I Sogn og Fjordane er det nær 13 800 nynorskelevar, medan på landsbasis er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk, seier Hallstein Dvergsdal.
– Vi arbeider for at alle skal kunne bruke nynorsk, og at det skal vere lett å til dømes vere nynorskelev. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon. Di fleire vi er, di sterkare står nynorsken, seier Hallstein Dvergsdal.
I dag har Noregs Mållag 12 914 medlemer. Målet for i år er å nå 13 000 medlemer. Det er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan.
– Vi er utruleg takksame for alle som er med i Mållaget, og ønskjer alle nye medlemer velkomen, seier Hallstein Dvergsdal.
|