Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny medlemsrekord i Noregs Mållag

 (19.12.2017)

I løpet av helga passerte Noregs Mållag 13 000 medlemer, og er no oppe i rekordhøge 13107 medlemer. Dette er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet på over 25 år. Auken er størst i dei store byane, men Mållaget aukar i alle fylke, over heile landet.

– Fleire medlemer gjer Mållaget til ein større og sterkare organisasjon, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han peikar på at ei av dei viktige utfordringane for det nye året er å sikre nynorskelevane digitale læremiddel og verktøy på nynorsk.

– Det har kome fleire lyspunkt for nynorsken siste året, seier Magne Aasbrenn. Han nemner mellom anna at VG har opna for nynorsk på redaksjonell plass, heile fire kommunar har byrja med nynorskundervisning for vaksne innvandrarar og LO har styrkt nynorskformuleringane i handlingsprogrammet sitt.

I haust har heile organisasjonen stått på for å verve medlemer, og vi ser at det nyttar. Dette gjev pågangsmot og arbeidslyst, slår Magne Aasbrenn fast.

 Heilt nytt i år er at Oslo Mållag er blitt det største lokallaget med 530 medlemer, tett følgt av Bergen Mållag og Bondeungdomslaget i Oslo.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no