Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Høyring om ny lov for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

 (20.12.2017)

Kulturdepartementet har på høyring utkast til ny lov om tros- og livssynssamfunn.

Denne lova skal erstatte kyrkjelova, trussamfunnslova og livssynssamfunnslova. I den nye lova er ikkje målbruk i kyrkja eller i andre trus- eller livssynssamfunn omtala. Det er høyringsfrist 31.12.2017, og mållaget oppmodar medlemmer til å sende innspel. Innspel kan sendast her: http://nettsteder.regjeringen.no/nytrossamfunnslov/dss-wp-hearing/svar-pa-horing/

Noregs Mållag har skrive dette i høyringa si til Kulturdepartementet: 

Om Den norske kyrkja:

Noregs Mållag vil peike på at målbruken i kyrkja ikkje er nemnd i høyringsnotatet. I dag er Den norske kyrkja underlagt lov om målbruk i offentleg teneste som ein del av statstenesta.

Den norske kyrkja er i dag ein vesentleg aktør i ålmenta, og er i store delar av Noreg med på å halde det nynorske kyrkjespråket levande, både i kyrkja og i det kyrkjelege byråkratiet.

Kyrkja har eit stort kulturpolitisk ansvar som formidlar av det nynorske kyrkjespråket og den nynorske kyrkjelege kulturarven i form av salmar og liturgi. I dag avgjer kvart sokn sjølv etter røysting kva språk kyrkja skal nytte. Dette må vidareførast i den nye organiseringa av kyrkja.

Vidare må ein sikre at det kyrkjelege byråkratiet held fram med å nytte nynorsk etter same reglar som dei gjer i dag. Noregs Mållag føreslår difor at lova får ein ny paragraf 16:

§ 16 Målbruk
I tråd med formålet om at den Den norske kirke forblir en demokratisk og landsdekkende evangelisk-luthersk folkekirke er Den norske kirke pålagt å følgje lov om målbruk i offentleg teneste.

Noregs Mållag går ut ifrå at praksis held fram med at det er soknemøtet som avgjer kva salmebok som skal nyttast i kyrkjelyden. Vi går òg ut ifrå at det er soknemøtet som skal avgjere målforma i liturgien og dei kyrkjelege handlingane som vert utførde i samband med gudstenesta. Vi ønskjer at dette vert vedteke i forskrift eller av Kyrkjemøtet.

***

Om andre tru- og livssynssamfunn:

I nynorskområda er det etablert trus- og livssynssamfunn frå ei lang rekkje religionar, og medlemene her bør òg få høve til å utøve religionen sin på nynorsk. Difor må trus- og livssynssamfunn som får statsstøtte, møte eit krav om at dei må gje born og unge i nynorskområde nynorsk trusopplæring.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no