Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Nynorskbyen Bergen syner veg

 (10.01.2018)

Byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) (Foto: Vidar Langeland)

No legg byrådet i Bergen fram ein plan for nynorskbruken i byen.

- Det arbeidet som Bergen kommune no har teke fatt på, er historisk. Aldri før har ein av våre storbyar sagt så klart ifrå at nynorsken har ein plass i byen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag har lenge arbeidd for og ynskt oss ein slik plan som sikrar eit minimum av nynorskbruk i Bergen. Planen er nødvendig både av omsyn til dei tilsette i Bergen kommune som vil nytte nynorsk, og av omsyn til det store nynorskskrivande mindretalet i Bergen. Sidan Njaal Neckelmann (V) i juni 2016 fremma interpellasjonen som bestilte saka, har me vore spente på kva som skulle kome.

 - Det er tydeleg at byrådsleiar Harald Schjelderup (Ap) har tatt bestillinga frå bystyret på alvor med denne saka, seier leiar i Mållaget, Magne Aasbrenn.

- Det at Bergen no utformar ein plan for målbruk som så klart slår fast at nynorsken har ein plass i Bergen, og som ynskjer å stø opp om han, er viktig for statusen til nynorsken på heile Vestlandet, seier Aasbrenn.

Om Bergen vil vere «nynorskbyen Bergen» og den nye regionhovudstaden på Vestlandet, så må han syne seg som ein open og inkluderande by, òg for nynorskbrukarane.

- I dag er Bergen bokmålsnavet på Vestlandet, og sjølv om denne planen ikkje vil endre på det over natta, så er det eit viktig signal om at nynorsken skal ha ein plass i Bergen kommune, meiner mållagsleiaren.  

Røynsler frå store bokmålsskrivande organisasjonar syner at det å vere nynorskbrukar omringa av bokmålsbrukarar er vanskeleg. Mykje tekstproduksjon blir utført av fleire saman, og i slike situasjonar må nynorskbrukarane ofte gje etter og vere dei som skriv på eit anna enn sitt eige språk. Retningslinene frå Bergen kommune er ei lita hjelp i kvardagen for dei og tyder at dei kanskje nokre gonger kan få vere dei som seier at «denne gongen vert teksten på nynorsk».

- No er det viktig at planen ikkje hamnar i ein skuff, men vert følgd opp av kommunen, avsluttar Aasbrenn.  

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no