13 240 medlemer!
(16.01.2018)

Jubel over medlemstal: Frå venstre: Inger Vederhus, Magne Aasbrenn, Jens Kihl, Inger Johanne Sæterbakk, Peder Lofnes Hauge, Randi Lohndal Frestad og Birgitta Lim Ersland.
Vervemålet i fjor var 13 000 medlemer. Resultatet av vervehausten er solid. No jublar styret for at resultatet vart heile 13 240 betalande medlemer! Så mange medlemer har vi ikkje hatt sidan 1990.
– Vervehausten vart over all forventning. Svært mange enkeltpersonar og lokallag gjorde sitt til at vi fekk så utruleg godt resultat, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
I løpet av hausten har over tusen nye medlemer meldt seg inn. Det som også bidreg til det gode medlemstalet, er at svært mange av dei medlemene vi har, held fram med å betale medlemspengar. I 2017 var det til dømes berre 492 medlemer som vart utmeldt av Mållaget, tilsvarande tal i 2016 var 651 medlemer.
– Tusen takk til alle som har vore med og verva eller late seg verve. Vi er svært takksame, smiler Magne Aasbrenn og resten av styret.
|
|