Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Gjeremålsliste for regjeringa

 (18.01.2018)

- Regjeringsplattforma legg klare punkt til gjeremålslista hos både kulturministeren, kunnskapsministeren, forskingsministeren og kommunalministeren, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag ser fram til at regjeringa skal gjennomføre språkpolitikken som er lova i Jeløy-erklæringa, og vender vender seg no til fire nyslåtte statsrådar med tiltak som er i tråd med plattforma, og som det vil vere lett å setje ut i livet:

Til kulturminister Trine Skei Grande
Venstre har tradisjonelt vore eit godt parti for nynorsken. Den nye kulturministeren bør levere ei heilskapleg språklov som vidarefører jamstillingsvedtaket mellom bokmål og nynorsk. I Jeløya-erklæringa står det òg at regjeringa skal jobbe vidare med digitalisering av dei store ordbokprosjekta. Norsk Ordbok, som manglar digitalisering og revisjon av den første delen, må nå få dei nødvendige midlane til å bli ferdig.

Til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø
I Jeløy-plattforma står det at «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.». Mållaget ønsker at statsråd Nybø skjerpar tonen mot universitet og høgskular som år etter år bryt mållova når det gjeld regelen om at minst 25 % av det dei skriv, skal vere på nynorsk. For å sikre gode opplæringsvilkår for elevar med nynorsk hovudmål er det òg viktig at ein styrker nynorskopplæringa for lærarskulestudentar og sørger for at dei får avgangsvitnemål som viser at dei kan nynorsk.

Til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner
På Jeløya blei regjeringspartia einige om å vurdere tiltak for å styrke hovud- og sidemålsopplæring for tidlege alderstrinn og opne for lokale forsøk. Da må Sanner snarast sikre at alle digitale læremiddel som blir tekne i bruk i skulen, er på både nynorsk og bokmål. Nynorskelevane er meir utsette enn bokmålselevane. Statsråden må sikre at nynorskelevane får ei like god opplæring i nynorsk som bokmålselevane får i bokmål, og at dei går ut av skulen som trygge nynorskelevar. Det vil hjelpe mykje om dei får gå i eigen nynorskklasse heilt ut ungdomsskulen. Dessutan bør det komme i gang lokale tiltak der bokmålselevar får lære å skrive nynorsk sidemål allereie i barneskulen.
Å styrke språkopplæringa i barnehagane er eit anna punkt i erklæringa. Det er spesielt viktig at ungar som skal ha nynorsk vidare på skulen, først og fremst møter nynorsk i barnehagen. Kunnskaps- og integreringsministeren bør arbeide for å lovfeste at lærebøker for vaksne innvandrarar skal komme samtidig på bokmål og nynorsk.

Til kommunalminister Monica Mæland
Mæland har nå fått ansvaret for at nynorskbrukarane ikkje taper på at fylke og kommunar er i samanslåingsprosessar, slik stortingsfleirtalet har slått fast. Ho bør passe på at dei nye storfylka vedtek gode språkbruksplanar.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no