Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Akademiet lanserte ordboka

 (25.01.2018)

Nyord, fyord og nyttige ord. Denne veka vart den nye digitale ordboka NAOB lansert i Oslo.

Preses Nils Heyerdahl (t.v.) og kulturminister Trine Skei Grande under lanseringa. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)

– Vi skal ikkje berre ha eit språk for å bestille øl, vi skal ha eit språk der det går an å formidle kunnskap, sa Noregs nye kulturminister Trine Skei Grande (V) til NTB før ho entra scena på Sentralen i Oslo for å få overrekt den nye norske digitale ordboka NAOB av Det Norske Akademis preses Nils Heyerdahl.

Grande var til stades ved lanseringa i eigenskap av å vere oppdragsgivar for den nye ordboka. Det Norske Akademis ordbok, eller NAOB som er akronymet, er komme til på bestilling frå Kulturdepartementet. Tanken er at verket skal fungere for norsk bokmål og riksmål på same måte som Oxford English Dictionary fungerer for engelsk, Svenska Akademiens ordbok for svensk og Norsk Ordbok for nynorsk og norske dialekter heiter det på nettsida deira.

– Eit nøkkelverk

– Dette er eit nøkkelverk for at norsk skal ha moglegheita til å overleve som sjølvstendig språk, kommenterte Grande.

Oppslagsverket byggjer på innhaldet i Norsk Riksmålsordbok frå perioden 1937 til 1957. Språket i denne boka er derimot bokmål, innanfor godkjent norsk rettskriving. Her finn ein blant mykje anna stavemåte, bøying, ordforklaring, uttale – og ikkje minst ei gullgruve av eksempel frå norsk litteratur. Onsdag vart lanseringa krydra med presentasjonar av tekstar og ordboksartiklar frå forfattarar som Maja Lunde, Erlend Loe, Tove Nilsen og Helene Uri.

Også fyord

NAOB er ei såkalla deskriptiv ordbok når det gjeld utval av ord, det vil seie at ho beskriv språket slik det vert brukt. Dette inkluderer moderne «fyord» som neger.

– Vi tar i det heile ikkje stilling til om vi likar ordet, eller om det burde bli avløyst av eit norsk ord. Er det i bruk i norskspråklege samanhengar ofte nok, og utan at ein set hermeteikn rundt kvar gong, så er det med, sa prosjektleiar Petter Henriksen til NTB før jul.

Nynorsk Pressekontor
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no