Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Mannsåker

 (26.02.2018)

(Foto: UiB)

 

Odda Mållag har heidra Helga Mannsåker med Målprisen 2017.

På årsmøtet i Odda Mållag fekk Helga Mannsåker heider for å vera mellom dei som har argumentert sterkast og mest overtydande for Odda-modellen, som sikrar ein språkdelt ungdomsskule. Prisen er trykket «Bokstavflygarar» av Solfrid Aksnes.

I grunngjevinga heiter det:

"På eit ope møte i Odda Mållag 06.11.13 talte ho for modellen. Vidare innleidde ho på haustseminaret til Noregs Mållag i Odda 27.09.14. Likeins argumenterte ho, på valmøta i Bergen høvesvis 18.08.15 og 22.08.17, klart og overtydande – og med engasjement – for Oddamodellen.

Alt som gymnasiast i Odda merkte Helga Mannsåker seg ut som ein framifrå skribent. Det ho skreiv, var reflektert, substansrikt og velforma, og det hadde ei heilt uvanleg uttrykkskraft. På bakgrunn av dette var det inga overrasking at ho i 1995 fekk Opedal-prisen som beste nynorskelev ved Odda vidaregåande skule. I ein parentes kan me ta med at Norvald Vethe, den kunnskapsrike og vidsynte pedagogen, var norsklæraren hennar på Odda vidaregåande skule. Same året skreiv ho òg ein av dei tre beste nynorskstilane i Noreg til eksamen i studieretning for allmennfag. For dette fekk ho ei påskjøning frå Fridthov Oos’ legat.

Etter u-landsstudium i Kristiansand og sjukepleiarutdanning i Bergen fullførte ho i 2010 mastergrad i nordisk, der emnet var bruken av metaforar i samband med psykiske lidingar.

Helga Mannsåker har undervist ved Universitetet i Bergen sidan 2011, og hausten 2017 forsvarte ho doktoravhandlinga Schizofrene symptom og splitta sinn. Kritiske metonymi- og metaforanalysar av fagtermar knytte til diagnosen schizofreni i skandinaviske lærebøker i psykiatri.

Helga Mannsåker har i alle år vore ein medviten og reflektert nynorskbrukar. Med sitt venlege, varsame og vinnande vesen er ho i dag mellom dei fremste nynorskambassadørane i landet vårt. Me er stolte av at ho kjem frå Odda og at ho er medlem i Odda Mållag.

I Odda Mållag er me glade for å ha funne ein så verdig prisvinnar."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no