Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner held hovudtala på landsmøtet

 (01.03.2018)

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner har takka ja til å halde hovudtala på landsmøtet i Noregs Mållag. Han skal tale til landsmøtet på opningsdagen fredag 13. april i Vinjehuset i Vinje.

– Det er svært gledeleg at kunnskapsminister Jan Tore Sanner kjem til landsmøtet vårt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Kunnskapsministeren skal snakke om dagsaktuelle utfordringar for nynorsken i skulen, med eit spesielt blikk på situasjonen for nynorske digitale læremiddel.

– Mållaget ser at det er svært mange digitale læremiddel som berre kjem på bokmål. Slik kan vi ikkje ha det. Difor vil vi nytte landsmøtet til å lansere ein nasjonal kampanje for å få digitale læremiddel i skulen, og det er viktig å få ein dialog direkte med statsråden om dette, seier Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag har landsmøte frå 13. til 15. april i Vinje. Vi reknar med at det vert eit stort landsmøte. Landsmøtet skal vedta nytt arbeidsprogram og markere 200-årsjubileet for Aasmund Olavsson Vinje.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no