Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Austmannaprisen til Jens Haugan

 (12.03.2018)

Leiaren i Austmannalaget Helen Johannessen var svært glad for å dele ut Austmannaprisen til Jens Haugan under årsmøtet i laget i Vågå 10. mars. Foto: Noregs Mållag.

Den årlege Austmannaprisen frå Austmannalaget vart i år tildelt Jens Haugan. 

I høve årsmøtet i Austmannalaget i Vågå laurdag 10. mars fekk Jens Haugan tildelt Austmannaprisen 2018. Han er leiar i Hamar dialekt- og mållag og er til vanleg dosent i norsk ved Høgskolen i Innlandet.

Jens Haugan var med å skipe opp att og vart leiar i Hamar dialekt- og mållag i 2011. Etter det har han synt seg som ein svært arbeidssam, iderik og engasjert aktivist. I Språkåret 2013 var det berre Oslo som hadde fleire aktivitetar enn Hamar, og det var sjølvsagt på grunn av innsatsen frå Jens Haugan.

Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget, var svært stolt over å dele ut prisen til Jens Haugan. Austmannaprisen blir gitt frå Austmannalaget til personar eller institusjonar som i tale eller skrift har gjort framifrå arbeid for nynorsk mål og norsk kulturarv. 

Jens Haugan har også gitt ut barnebok på nynorsk «No kan du sove, vesle gut», skrive teaterstykke som er framført ved Vennersberg skole i Kongsvinger, og han arrangerer jamnlege nynorskseminar for lærarar på Høgskolen i Innlandet. I april er det klart for det femte seminaret i denne rekkja: Nynorsk i skolane og lærarutdanninga

Jens Haugan skriv songar som passar inn i den faglege undervisninga som «Setningsanalysesongen» og «Ivar Aasen var ein travel mann» og har skrive over 500 kronikkar/artiklar og lesarinnlegg. Jens Haugan er oppteken av språk, ikkje berre nynorsk, men det handlar om likeverd og toleranse og fyller i stor grad krava til Austmannaprisen.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no