Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Sylfest kjem til Elverum

 (20.03.2018)

Elverum dialekt- og mållag og Austmannalaget inviterer til ope møte med Sylfest Lomheim på Elverum torsdag 22. mars klokka 17.30 på Elverum videregående skole. 

Etter føredraget blir det årsmøte for Elverum dialekt- og mållag.

Tidlegare professor og direktør for Språkrådet Sylfest Lomheim fortel om språk og identitet, dialektar, nynorsk og bokmål. Tittelen på føredraget er: Språkutvikling, språksituasjon, dialektar og språkleg identitet. Sylfest Lomheim har lang røynsle som pedagog og språkekspert i Språkteigen på NRK blant anna. Sylfest Lomheim har i dag ei fast språkspalte i avisa Klassekampen kvar veke. 

Møtet er på Elverum videregående skole klokka 17.30 i E-fløya. 

Alle språk og målinteresserte i Elverum er oppfordra til å komme og få med seg eit gneistrande føredrag frå ein inspirerande formidlar.

Gratis inngang!

Tidlegare denne torsdagen møter Sylfest Lomheim lærarane på Elverum videregående skole og vil då snakke om Fakta og fordommar (Fake news) - språk og identitet. Det byrjar klokka 14:50.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no