Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringssvar frå Noregs Mållag om kjerneelement i norskfaget

 (20.03.2018)

Kjerneelementa skal vere ei formulering av kva som er det viktigaste elevane skal lære i faget og er eit førearbeid til læreplanane som skal utarbeidast neste skuleår.

Kjerneelementa skal danne grunnlaget for utviklinga av sjølve læreplanane. Etter at arbeidet med kjerneelement tok til i haust har det vore to innspelsrundar og no er me komne åt den siste.

Mållaget meiner generelt at språkføringa i forslaget er blitt meir presis, det gjev eit dokument det er lettare å lese og forstå. Likevel er det litt vanskeleg å skilje eit kjerneelement frå eit læreplanmål og å sjå korleis dei to skal spele saman. Dette håper me arbeidet med læreplanen vil klårgjere for oss.

Det har vore eit medvite val frå læreplangruppa å svekkja eldre litteratur- og språkhistorie. No står ein att med eit norskfag der norske elevar ikkje i det heile skal møte den rike og verdskjende, litteraturarven frå norrøn tid.

Å ha kunnskap om formverket i sitt eige språk er eit vesentleg bidrag til språkleg meistring og dermed tryggleik. Særleg viktig er dette for nynorskelevar som er utsette for påverknad frå bokmålsformverket. Noregs Mållag meiner difor det er kritisk at formverk er ute i dei høgare trinna. Formverk er ein vesentleg dugleik som bør vera med heilt til VG3.

Kjerneelementa ser ut til å vere tenkt ut frå ein språklæringssituasjonen der nynorskelevane og bokmålselevane stiller likt. Nynorskelevane har delvis andre opplæringsbehov -- til dømes når det gjeld språket som system og valmogelegheit, og når det gjeld kva språk dei skal eksponerast for - mengdetilhøvet mellom hovudmålet og andre språk, til dømes.

Noregs Mållag er glad for at det er presisert at elevane skal lesa på både nynorsk og bokmål. Likevel manglar perspektivet om at for nynorskelevane er det viktig å lesa mykje på nynorsk, då dei ser mindre av sitt hovudmål rundt seg enn det bokmålselevane gjer. Lesing av litteratur og sakprosa på eige språk er ei viktig kjelde for å auke eksponeringa for nynorsk for desse elevane. Dette er avgjerande for at dei skal verta trygge nynorskskrivarar.

Les heile høyringssvaret til Noregs Mållag her:

 https://hoering.udir.no/Uttalelse/v2/dc41613b-b7f2-4feb-ae8c-fee05ad6c797?disableTutorialOverlay=True

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no