Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Attval for Fredrik Hope

 (23.03.2018)

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, med målungdomen i ryggen. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne 

Norsk Målungdom hadde landsmøte i Drammen frå 16.-18. mars. Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, fekk attval. 

Landsmøtet gjorde Norsk Målungdom det klart at dei ynskjer å få slått fast jamstellinga mellom nynorsk og bokmål i Grunnlova.

– Nynorsk og bokmål har vore jamstilte skriftspråk sidan 1885, men denne sikringa av dei norske språka kan forsvinne med eit fleirtalsvedtak i Stortinget. Dette burde inn i grunnlova, akkurat slik som dei samiske språka er sikra i grunnlova, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, til framtida.no

Det var stor semje blant dei språkengasjerte ungdomane frå heile landet om at språket deira bør sikrast i grunnlova.
– Dette er spesielt viktig for nynorsken. Eit mindre brukt språk treng ei ekstra støtte, og eit slikt grunnlovsvedtak vil styrkje dei mange rettane nynorskbrukarane har i andre lover.

Nytt sentralstyre
Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, fekk attval som leiar. Han er dermed klar for sitt andre år som leiar i Norsk Målungdom. Han fekk med seg ny nestleiar Gunnhild Skjold. Ho kjem frå Studentmållaget i Tromsø. Dermed går Elise Tørring av etter eitt år som nestleiar. Skifte mellom desse to, vert tradisjonen tru, ved avslutninga av sumarleiren til Norsk Målungdom i juli. Resten av sentralstyret tok attval. Det vil seie dagleg leiar Eline Bjørke, økonomiansvarleg Frida Pernille Mikkelsen og sentralstyremedlemane Svein Soldal Eggerud og Åsmund Mikalsen Kvifte.

Dei har med seg Anna Sofie Ekeland Valvatne. Ho er tilsett som lokallagsskrivar og held fram i den stillinga.

Me ynskjer dei alle god lukke for det komande året!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no