Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Guro Kvalsnes held fram som styreleiar

 (26.03.2018)

Eit samla årsmøte stilte seg i går bak styreleiar Guro Kvalnes. Hardingen held dimed fram som styreleiar for Krinkastingsringen.

– Eg set stor pris på tilliten og gler meg til å brette opp ermene og ta fatt på dei utfordringane som kjem, seier Guro Kvalnes.

Kristofer Olai Ravn Stavseng og Hans-Olav Rise held fram i styret. Medan Liv Ragnhild Sjursen, Mattias Rolighed Bergset og Martin Årseth kjem inn som nye representantar.
– Det er gode folk som tek til på styrearbeidet, og dei tek med seg ulike erfaringar, eg ser fram til den komande arbeidsperioden, seier Guro Kvalnes

Guro Kvalnes fortel at det kommande året kjem til å vere prega av at det mellom anna er Vinje-jubileum i år, og Kringkastingsringen kjem og til å halde presset oppe mot dei store riksdekkande media og deira ansvar for språket.

– Det er viktig at alle får sjå og høyre språket sitt i media. Arbeidet for meir nynorsk, dialekter og samisk i media er på langt nær over, peikar Guro Kvalnes på.

Om Kringkastingsringen
Kringkastingsringen er ein interesseorganisasjon som arbeider for nynorsk, samisk og norske dialekter skal få ein rettkomen plass i media. Både at lesarane skal få sjå språket sitt, og at journalistane skal få bruke språket sitt. Organisasjonen vart skipa i 1955, og har sidan 1978 delt ut Kringkastingsprisen, sist til Anne Lognvik i NRK Telemark.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no