Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Nynorskseminaret:

Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga

 (04.04.2018)

Fredag 27. april er du invitert til det femte nynorskseminaret på Hamar. Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga.

Du vil også få tips om litteratur og undervisningsopplegg. Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag. 

Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane. Haustseminaret blir fredag 28. september 2018 og har temaet «Oppvekst». Potensielle føredragshaldarar kan gjerne ta kontakt allereie no.

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj. 
Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432

Fredag 27. april 2018, kl. 10-15, Høgskolen i Innlandet, campus Hamar, auditorium 4: 

Jens Haugan: Korfor skal elevane lære nynorsk? Demokratiargumentet
Som norsklærar (og sjølvsagt som målaktivist) blir ein ofte spurd om korfor elevane må lære nynorsk. Mange lærarar føler nok at dei ikkje har kompetanse til å kunne svare godt nok på dette spørsmålet, og eit lite tilfredsstillande standardsvar er gjerne at ein må lære det for å kunne jobbe i offentleg administrasjon. Dette føredraget handlar om eit viktigare argument, nemleg demokratiargumentet, som rettar seg mot elevane frå eit medborgar- og samfunnsperspektiv.

Eline Bjørke: Nynorsk myteknusar
Mange trur mykje om nynorsk, og mykje av det dei trur, er feil. For er det eigentleg slik at nynorsk er eit lite språk som kjem til å døy ut? Er nynorsk eit vestlandsspråk? Er nynorsk vanskelegare enn bokmål? Og korleis kan det ha seg at alle desse mytane går i arv? Eline stikk hol på nynorskmytane, slik at du slepp å føre dei vidare til elevane dine.

Ingrid Bergset-Leite: Korleis kan ei endring av karakterpraksisen i norskfaget verke inn på skrivedidaktikken og sidemålsopplæringa i den vidaregåande skulen?
I 2013 inviterte Utdanningsdirektoratet vidaregåande skular over heile landet til å vere med på eit forsøk med færre karakterar i norskfaget. Men kva vil ei slik endring bety for skrivedidaktikken på skular med to målformer i klassen, med særleg fokus på sidemålsopplæringa? Ingrid Bergset-Leite har intervjua åtte norsklærarar ved to deltakande vidaregåande skular, begge med to målformer i klassen, for å finne svar på dette. I føredraget vil ho ha eit spesielt fokus på den delen av studien som handlar om nynorskopplæring før og under forsøket med færre karakterar.

Per Magnus Finnanger Sandsmark: Allkunne. Møte med nynorsk fagtekst i fleire fag
Dette føredraget vil vere ein presentasjon av det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne.no, kva det er, kva det ikkje er, og døme på korleis Allkunne er nytta i undervisninga.

Reidun Kydland: Kreativ skriving i vidaregåande skole
Dette føredraget kjem til å handle om ulike måtar å støtte opp om og hjelpe til med elevane si skriving på (skrivestararar, skriverammer, samskriving m.m.).

Dagfinn Rødningen: Språkrådets ressursar på nett
Språkrådet har laga to ulike nettkurs i nynorsk. Kursa er ulike, men eignar seg på kvar sin måte godt i norskundervisninga. På seminaret får de ein gjennomgang av dei.

Svein Olav Langåker: Digitalt nynorskløft i skulen
Svein Olav Langåker presenterer ei fersk undersøking om korleis det står til med digitale læremiddel på nynorsk. Han viser òg fram dei populære nynorske digitaltilboda Framtida.no og Framtidajunior.no, og viser døme på korleis dei kan bli brukt i skulen. 

Svein Olav Langåker: Høgtlesing og song på nynorsk: korleis står det til i barnehagane og skulen? 
Og kor viktig er stemma vår for å læra språk? Svein Olav Langåker vil presentera resultat av undersøkingar i barnehagar og skular og vise døme på kva som skal til for å få meir nynorsk i skulen og barnehagane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no