200-årsdag for Aasmund Olavsson Vinje
(06.04.2018)

Fredag 6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Han grunnla den nynorske journalistikken og synte at landsmålet kunne brukast i alle sjangrar. Les meir om Aasmund Olavsson Vinje hjå Allkunne.no
– Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Denne veka sa kulturminister Trine Skei Grande i Stortinget at ho ønskjer eit breitt forlik om støtteordningane for mediebransjen.
– Dette er klokt. Journalistikken treng føreseielege rammevilkår. Men no må ikkje Trine Skei Grande gløyme nynorskjournalistikken, slik Åmås-utvalet gjorde, seier Magne Aasbrenn. Han peikar på at NOU-en om mediemangfald, som blei skriven under leiing av Knut Olav Åmås, ikkje tok opp det språklege mangfaldet i Noreg.
Magne Aasbrenn peikar på fire tiltak kulturministeren kan ta tak i:
- - styrkje distriktskontora til NRK
- - presisere at NRK og TV2 bør få krav på seg til å bruke nynorsk på nett
- - sørgje for at pressestøtta særleg løftar lokalavisene og dei meiningsberande avisene
- - ikkje opne for nye støtteordningar utan utbyteavgrensing
– Slike ordningar ville gått til å sponse storavisene med nynorskforbod. Det er ikkje staten si oppgåve å støtte opp om språksensur, seier Magne Aasbrenn. Han trur Grande kan bli ein språkminister Aasmund Olavsson Vinje ville vore stolt av.
– Om Trine Skei Grande bruker jubileet til å gje nynorskjournalistikken eit løft, er det eit ferdaminne som står seg, avsluttar Magne Aasbrenn.
|