Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Leiartale av Magne Aasbrenn

 (13.04.2018)

Leiartale til landsmøtet i Vinje 2018

Gode landsmøtedelegatar i Noregs Mållag,
og gode alle saman som har funne vegen hit til Åmot i Vinje nå på tampen av den store snøvinteren 2018! Det er stor stas for meg å få ønske dykk velkommen til det største landsmøtet i Noregs Mållag på 30 år, og det er ei ære å få tale til ei så stor og gåverik forsamling.

Når vi nå er samla i Vinje kommune, kjem det først og fremst av at 2018 òg er året for eit stort jubileum. Aasmund Olavsson Vinje, som voks opp på den vesle garden Plassen nokre kilometer herifrå, er 200 år i år. Eg snakkar om han i presens, for det skriftspråket han sette ut i livet, er framleis levande og bidrar kvar dag til å halde norsk språk og kultur oppe. Det er skriftspråket til dei som snakkar vestnorsk, trøndersk, nordnorsk, sørnorsk, austnorsk eller oslomål – ja, til og med østfoldmål. Vinje var den første som tok landsmålet i bruk på alvor som praktisk skriftleg daglegspråk. Utan arbeidet og motet Aasmund Olavsson viste, hadde landsmålet lett kunne enda som eit stasspråk dokumentert i Aasens store arbeid og best til bruk i lyrikk.

Spranget som måtte gjerast for å gjere folkemålet til eit allment skriftmål, blei godt uttrykt i Peer Gynt av Vinjes klassekamerat frå Heltbergs studentfabrikk, Henrik Ibsen: «Ja, tenke det, ønske det, ja ville det med – men gjøre det? Nej, det skjønner jeg ikke.»
  Aasmund Olavsson Vinje var mannen som ikkje berre tenkte det. Han gjorde det. Det store ordboksarbeidet til Aasen ville vore daudt om ikkje nokon tok landsmålet i bruk i kvardagen – til å skrive om politikk, moderne oppfinningar, russefeiring –  ja, kva som helst.

Aasmund Olavsson tok det spranget og satsa økonomi og prestisje på å starte avis – den første nynorskavisa, ja den første avisa på norsk: Dølen. Motstandarane hans meinte at å skrive om akademiske spørsmål og religion på dølamål, var å vanhelge det heilage. Da sa Vinje at «bogsproget» var fattig og abstrakt samanlikna med folkets eiga røyst. Og så demonstrerte han det i praksis med det han skreiv.

I 1858 begynte bladet Dølen å komme ut. Det var tre år før Ivar Aasen sjølv hadde skrive eit einaste brev på landsmål. Dølen var starten på ei utvikling som gjorde at landsmålet breidde om seg i det offentlege Noreg. Ti år etter at den første Dølen blei prenta, skjedde stiftinga av ein annan institusjon vi feirar i 2018, Det norske Samlaget. Det var ei tid da målreising prega  heile Europa: på Island, i Finland, blant flamlendarar og folk i Provence. Elias Blix frå Salten skreiv salmar på landsmål. I 1874 heldt Niels Juel frå Kvinnherad det første innlegget på landsmål i Stortinget. Den 12. mai 1885 kom jamstillingsvedtaket. Sånn lét det: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» Vedtatt 78 mot 31. Partifordeling stort sett Venstre mot Høgre. Altså begge parti som er i regjering nå. I 1892 kom reglar som opna for å ta i bruk landsmålet i skule og kyrkje.

1906 blei så som kjent dei norske mållaga samla i éin organisasjon, og det er den som startar sitt landsmøte nummer 100 i dag. Noregs Mållag stod frå første stund for tankar og idear som var i vekst. Sidemålsstilen blei vedtatt året etter. Talet på skulekrinsar og kommunar med landsmål auka stort. Trønderane tok imot språket som i mellomtida hadde fått namnet nynorsk, og ved slutten av 1930-talet hadde kvar tredje skuleelev i landet nynorsk som hovudmål.

I «Ferdaminne» har Vinje ei skildring av korleis den store elva Glomma går i lange krokar ved Kongsvinger, hindra av sandbankar. Men etter det Vinje skriv, så er det slik at den store elva «sløgt og umerkjelegt» undergrev desse sandbankane som hindrar elva i å renne fritt. Det vatnet der kjem til å ta beinvegen fram før nokon veit av det.
 Før krigen såg det ut til at det var like før den norske målreisinga fossa fram gjennom sandbankane slik at folkemålet blei det dominerande skriftmålet i landet.

Etter 2. verdskrig såg plutseleg stoda annleis ut.

I studieheftet vi har gitt ut i samband med vedtaket om nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag, Målreising 2017, lanserer Oddmund Hoel omgrep som både er nyttige om ein vil forstå språkstriden i dag, og om ein vil forstå den norske språkutviklinga etter krigen. Han snakkar om den vesle og den store språkpolitikken. Den vesle språkpolitikken er lovgiving og andre stimuleringsordningar som tar målretta sikte på å verne nynorskbrukarane, slik at til dømes nynorske skulelevar får nynorske lærebøker på skulen. Den store språkpolitikken er alle dei andre endringane som får språkpolitiske effektar enten det er meininga eller ikkje: det gjeld fylkes- og kommunepolitikk, teknologiutvikling og svære demografiske endringar som urbanisering, sentralisering.

I etterkrigstida kom ofte nynorsken i vanry hos dei som forlét primærnæringane og flytta til byar og tettstader. Folk søkte til Oslo og det sentrale austlandet, og slik Prøysen skildrar det blant anna i Trost i taklampa, var det mange som opplevde det som ei frigjering å legge dei tronge bygdesamfunna bak seg.  Samtidig plasserte dei seg sjølve i ei språkleg tvangstrøye der det fine bymålet var det einaste dei torde å bruke. Så må eg få legge til at dette gjaldt langt ifrå alle som flytta til by’n. Bondeungdomslaga er gode eksempel på det motsette. NRK blei ein bastion for nynorsk, men den bastionen fekk oppleve motstanden mot nynorsk hos dei som gjerne ville bli ein del av den nye, urbane og moderne byborgarklassen og helst så fort som mogleg ville fjerne «det bondske» dei var skamfulle over å ha i kleda.

Arbeidarpartipolitikken med å føre målformene saman møtte motstand i form av lærebokaksjonar. I 1956 vedtok gymnasiesamfunnet i heimbyen min Fredrikstad å brenne bøker fordi dei hadde slike ord som «mjøl» og «fjøl» i seg. Riksmålsforbundet ved André Bjerke heia på dei og sa at bokbålaksjonen i Fredrikstad var årets gledeligste begivenhet på sprogfronten. «Våre motstandere har respekt for den direkte aksjon,» skreiv Bjerke. «De er redde for to ting: rettssaker og fyrstikker.» I 1957 var nynorskprosenten i skulen nede på 23, og talet på nynorskelevar var så vidt over 100.000.
 På 1970-talet blei stemninga i store ungdomsgrupper meir for dialekt og nynorsk.. Da nådde den radikale bølgja frå Paris-oppgjeret i 1968 fram til Noreg. Å ta makta lokalt blei viktig, dialektar blei vakre og moderne, ja til og med skjegg blei vakkert og moderne. Ideala frå det såkalla 68’ar-opprøret og radikaliseringa av ein heil ungdomsgenerasjon som følgde med dei, fekk positiv verknad på språkutviklinga. Tal dialekt – skriv nynorsk.

Men same kor mykje desse ungdomsgruppene drøymde om eit liv på Karlsøy i Troms, så gjekk urbaniseringa sin gang, transportmidla blei raskare, alle fekk bil, og ungdommen flytte stadig frå bygda. Nokre av dei etablerte seg rett nok i bygdebyane – men alt i alt var det noko tyngdelov-aktig over utviklinga over i ei jappetid da også amerikaniseringa auka på og TV ikkje berre var NRK, men eit mylder av kanalar.

I neste runde kom internettrevolusjonen, der rolla til dei tradisjonelle massemedia blei redusert slik at kvart og eitt menneske nå kan gå omkring og vere sin eigen kringkastingssjef. Etablerte maktstrukturar både i samfunn og media blir løyste opp. Internasjonaliseringa skaut fart rundt år 2000. Landegrenser blei sett på som mindre og mindre viktige, og nasjonal patriotisme var ikkje stort meir enn noko som gjorde det gøy å følge med på OL og VM.

For Noregs Mållag betydde denne utviklinga i den store politikken at målstriden blei tyngre. Det kunne kjennast som om nynorsken var  midt i eit langsamt tap. I 2010 heldt medlemstalet i Noregs Mållag (som hadde vore oppunder 20.000 på 70-talet) - på å bikke under 10.000-talet. Heldigvis var dei nynorske sikringstiltaka i styringsverket heile tida på plass. Sidemålskarakter stod fast, rett nok nå som trekkfag til vidaregåande-eksamen, og mållova gjaldt ennå, sjølv om dei gode ideala frå stortingsmeldinga Mål og Meining i 2007 såg ut til å bli med det. Gode ideal.

Mange i denne salen vil hugse merkeåret 2012. I januar kom det eit utspel frå utdanningsminister Kristin Halvorsen om at sidemålet burde få mindre plass i skulen. Først verka utspelet som ei ulykke, men så viste det seg at det var òg ei velsigning. Det førte til ei enorm mobilisering og verving til Noregs Mållag. Gruppeleiaren i bergensavdelinga av Halvorsens eige parti, Oddny Miljeteig, byrja sin eigen vervekampanje på mobil og Facebook. Mange andre bidrog også stort. Fleire av oss her i denne salen var på landsmøtet til Noregs Mållag i Oslo i 2012. Da var Kristin Halvorsen gjestetalar, og ho sa at det var fare for at nynorsk blei borte om ti til tjue år. Nå i 2018 har snart halve tida gått, og det ser mørkt ut – for spådommen til Halvorsen. På landsmøtet i 2012 var det 137 utsendingar, og nå har det vakse til 180 i år. Medan Noregs Mållag hadde 11495 medlemmer ved nyttår 2012, så hadde vi nesten 2000 fleire ved nyttår 2018. I tida etter 2012 har vi fått ei eiga utgåve av grunnlova på nynorsk. Den gamle bokmålsbastionen Bergen har fått ein satsingsplan for nynorsk. Blant anna. Så om dette tyder at nynorsken er i ferd med å bli borte, så vil vi ha meir av det!

Fylkes- og kommunereforma landet blei kasta ut i, gav oss enda eit eksempel på at når posisjonen til nynorsken blir utfordra, så ligg det ein opinion latent som lar seg engasjere til forsvarskamp. Da det såg ut til at det nye storfylket på Vestlandet skulle få nøytral språkform hausten 2016, førte høyringsprosessen til eit overveldande røystetal for nynorsken og ein tilsvarande medlemsauke for Noregs Mållag.

Fylkes- og kommune-samanslåingsprosessane er gode eksempel på at den store politikken kan prege den vesle språkpolitikken, men dei er òg eksempel på at omgjeringar på det «store» planet, kan opne opp for betre ordningar om målrørsla er vaktsam og følger med på det som skjer.

Ja, til og med den store samfunnsutviklinga vi ser rundt oss på verdsplan, treng ikkje nødvendigvis berre vere til skade for nynorsken og dialektane. I ei globalisert verd er det lettare for folk å sjå verdien av å ta vare på eigen kultur. Dei nye kommunikasjonsmedia opnar også opp for mykje meir skriving på nynorsk. Fridomen den enkelte har til å uttrykke og påverke, er større. Vi er skriftas folk – det vil seie den nynorske skrifta – og skrift finn ein overalt i det digitale samfunnet. Tenk igjen på kor viktig sosiale medium blei i medlemsvervinga i 2012, og kor viktig sosiale medium er for å nå fram til og å verve medlemmer nå.

I den nye tida med straumdrag som handlar om å ta vare på nasjonalt særpreg, er det òg all grunn til å vere glade for den tradisjonen vi står i, nemleg den frå Hans Nielsen Hauge, Wergeland, Aasen, Garborg som handlar om eit jambyrdig samfunn, eit samfunn som tar imot gjester og ser på alle som like mykje verd. I den samanhengen er eg glad for det eg gjorde i går, nemleg å besøke Vest Telemark-muslimske trudomssamfunn her i Åmot og hjelpe til med å få opp ein plakat der om islam på nynorsk. Det illustrerer at nynorsken er eit skriftspråk for alle i dette landet, uavhengig av religion og meiningar elles.

Nynorsken er eit skriftspråk som er tufta på rettferd. Den store idéen til Ivar Aasen da han var 23 år, var å forme eit skriftspråk som representerte alle dialektbrukarar i dette landet. Vi har ei lov, Lov om målbruk i offentleg teneste, som passar på at brukarane av nynorsk og bokmål har møtt rettferdige tilhøve gjennom dei 35 åra denne lova har eksistert. I paragraf 1 står det der at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Så kjem det fleire andre paragrafar der denne jamstillinga blir moderert noko. Like fullt står prinsippet fast. Til dømes gjer det prinsippet at høgskular og universitet skal nytte minst 25 % av kvart språk i det dei skriv til samfunnet.

Da status blei gjort opp på vårparten i fjor, viste det seg at ikkje ein einaste høgskule eller universitet hadde oppfylt krava i lova. Det merkelege var at ingen av desse institusjonane blei straffa for dette lovbrotet, ingen ansvarleg direktør måtte gå frå stillinga si, ikkje ei einaste bot blei skriven ut. Sanksjonen var berre eit irettesettande brev frå Språkrådet.
 For den som ser Noreg frå utsida, er det ei underleg sak at offentlege institusjonar år etter år berre kan bryte ei lov i eit land, og spesielt rart at til og med skular kan gjere det, utan eigentlege konsekvensar.

MEN: I ei verd der alle kommuniserer med alle, så kan store haldningsendringar også skje fortare enn nokon trudde var mogleg. Det opplevde vi sist haust når det gjaldt eit heilt anna tema enn språk. I kommunikasjonssamfunnet er det grunn til å tru at også haldninga hos mange når det gjeld nynorsken, kan snu fortare enn nokon skulle tru. Oppfatninga av at det «berre er sånn» at nynorskparagrafane i den norske mållova eigentleg er til å le av og aldri kjem til å bli tatt på alvor, bør det vere mogleg å snu snøgt og effektivt om vi berre hjelper folk flest til å bli medvitne om korleis desse lovbrota blir opplevde av oss som skriv nynorsk.  La meg få ha den trua at når folk i dette landet faktisk skjønner kva som går føre seg, så er det ikkje greitt lenger!

I opplæringslova og forskrifta til den står det at alle læremiddel som er i bruk i skulen, skal ligge føre på både bokmål og nynorsk for elevane, inkludert digitale læremiddel. Her har det dei siste åra òg verka som om det har vore greitt berre å gløyme at lov og forskrift finst.

Noregs Mållag har fått laga ein rapport som viser at barneskulane fløymer over med digitale læremiddel på bokmål, samtidig som kommunane prøver å komme unna kravet om nynorsk med å hevde at programvara dei brukar, ikkje er læremiddel. Her er det fire punkt vi må få gjennomførte:

1. Kunnskapsdepartementet må sørge for at det kjem ein infrastruktur på plass som sikrar at dei digitale læremidla passerer ein nynorsktest før dei blir installerte og tekne i bruk
2. Kunnskapsdepartementet må sørge for at det ikkje er opp til kvar enkelt lærar eller skuleeigar å avgjere kva som er eit læremiddel
3. Utdanningsdirektoratet må gi læremiddelprodusentane både krav og økonomisk støtte som gjer at læremidla faktisk blir produserte på nynorsk òg.
4. Kunnskapsdepartementet må forskriftsfeste at nynorskversjonane skal vere fullgode og lette for elevane å bruke (for eksempel at dei kan innstillast på brukaren, sånn at du ikkje aktivt må velje nynorsk kvar gong du skal bruke iPad-en.)

Dette er heilt vesentlege endringar som må bli gjennomførte raskt! Noregs Mållag set i gang ein kampanje om digitale hjelpemiddel denne helga, og det byrjar med at vi informerer kunnskapsminister Jan Tore Sanner om situasjonen - her i denne salen om åtte timar!

Så veit vi at i denne stortingsperioden, så er det sannsynleg at vi får ei ny språklov i dette landet. Da blir det Noregs Mållags oppgåve å følgje opp ei regjering som heldigvis har starta arbeidet med denne erklæringa frå Jeløya i Østfold: «Regjeringen vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene i Norge og de to likestilte målformene i norsk.»

Dette er forpliktande ord som vi får håpe kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner følger opp når han kjem hit i ettermiddag!

«Gode bruks- og opplæringsvilkår for de offisielle språkene» heiter det altså frå Jeløya. Da er det naturleg at bruks- og opplæringsvilkåra for nynorsken blir sett på spesielt. Fordi nynorsken er det minst brukte skriftspråket, er det nemleg ikkje så enkelt at situasjonen for nynorskbrukarane berre er ein spegelvend versjon av situasjonen til bokmålsbrukarane. Sjølv om nynorsken er eit robust språk sett i verdssamanheng, utgjer nynorskbrukarane eit mindretal i dette landet, og for at mindretalet skal oppleve rettferd, så må Noreg ha eit lovsystem som tar omsyn til dette styrkeforholdet. Det gjeld på alle felt, frå fylkespolitikk til læreplanutforming. Nynorskelevar og bokmålselevar har ein ulik situasjon når dei skal lære hovudmålet sitt. Den eine parten møter språket sitt overalt, heile tida, mens den andre parten må oppsøke skriftspråket sitt om ho eller han vil sjå det i bruk. Det er to ulike opplæringssituasjonar, og derfor må det nye lovverket ta omsyn til det. I denne samanhengen må vi lære av tiltaka samfunnet ser på som heilt nødvendige for å slå ring om samisk.
Eli Bjørhusdal har sett opp to nyttige prinsipp for å skildre det målrørsla skal arbeide med framover. Målungdomsleiar Fredrik Hope brukar dei klokt i ein artikkel i Norsk Tidend. Det er jamstillingsprinsippet og språksikringsprinsippet. Nynorskskrivarar som bur i kjerneområde og randsoner, vil sjå på språksikring som det heilt vesentlege. Nynorsken må ikkje bli svekt der han alt finst, og da kan enkle jamstillingsargument andsynes bokmålet berre føre til at bokmålet slepp meir til. Jamstillingsprinsippet er på den andre sida viktig for dei som skriv nynorsk i dei store områda der bokmålet er totalt dominerande «på gateplan».

Lett er det ikkje å foreine desse to prinsippa, men bakvend nok er det kanskje lettare i praksis enn i teorien. Når riksavisa Klassekampen med hovudkontor i Oslo rett som det er har framsida tapetsert med nynorsk og samtidig går fram i opplagstal, styrker det argumentasjonen til foreldra i Stryn som seier til ungdommane sine at dei skal halde på nynorsken ut vidaregåande, for du kan bruke nynorsk over heile landet. At Sogn og Fjordane finst, der nynorsken er eit stykke «fakta på bakken» er veldig viktig å vise til for austlendingar som gjerne vil skrive nynorsk, trass i at omgivnadene der ofte ikkje skjønner at folk vil innrette seg så upraktisk i livet.

Kipling sa at aust er aust og vest er vest, og aldri vil dei to møtast, men i språkpolitikken til Noregs Mållag er det faktisk mogleg! Prov på det er det møtet mellom aust og vest som eg ser framfor meg i denne salen denne morgonen!

Det må stillast store krav til styresmakter og politikarar både når det gjeld den store og den vesle språkpolitikken. Det må bli sanksjonar når ikkje norsk lov blir følgt!

Men det at styresmaktene – dei som lagar lover og er forventa å følgje lovene - sit med dei viktigaste korta, tar ikkje bort ansvaret og verdien av innsatsen den enkelte nynorskbrukar og mållagsmedlem kan bidra med. Alle framgangane målrørsla har opplevd sidan nynorsken skulle begynne å kverve i 2012, viser det. Blant dykk som sit her i dag er det mange som har vist at nett den personlege innsatsen, «ljoset me hev innvertes» er viktig. Takk!

Nå byrjar eit landsmøte, men på søndag ettermiddag er det slutt. Da står vi igjen med eit nytt arbeidsprogram. Og det heiter ikkje «arbeidsprogram» for ingenting! Mykje blir moro – men det blir også sveitte møte og vanskelege telefonar. Men tenk tilbake på Aasmund Olavsson her frå Vinje igjen. Tenk på utgangspunktet HAN hadde. Ingen hadde brukt det nye landsmålet som daglegspråk før han sette i gang. For eit pågangsmot han viste da han skreiv til redaktøren i Drammens Tidende og sa opp jobben for å gi ut landsmålsblad!

Da Vinje skreiv, meinte dei danna i samfunnet at landsmålet øydela kulturen. Når vi i denne salen skriv, er det i eit land der nynorskkunnskap blir sett på som eit teikn på kultur og høg danning, og nynorskteateret er det best besøkte teateret i den norske hovudstaden.

Da han Aasmund ville trykke Dølen i 1868, sa trykkeriet til slutt nei, og han Aasmund måtte leite etter eit anna trykkeri.
Når vi vil skrive noko i 2018, kan vi skrive det på nynorsk og få det spreidd over heile landet og verda gratis og digitalt.

Vinjes motstandar var Bjørnstjerne Bjørnson – Noregs mest respekterte forfattar den gongen som nekta å handhelse på landsmålsfolk og sa at aldri vil Kristiania seie sleikje for slikke.
er Noregs mest respekterte forfattar Jon Fosse som sit i Slottsparken med kongen som nærmaste nabo og skriv tradisjonell nynorsk!

Så kva grunn har VI til å klage og seie at denne striden er for tung og at detta blir ille vanskeleg? Samanlikna med dei oddsa Aasmund Olavsson hadde mot seg i det halslause, stormannsgale prosjektet han sette i gang, har vi LETT MATCH. Vi er rett og slett på Heimebane… Motstanden målrørsla står overfor i dag, er kort og godt tre divisjonar under den Vinje møtte!

Eg snakka i stad om at Vinje skreiv om den store elva Glomma som var stogga av sandbankar. I Ferdaminne står det ei skildring av korleis elva ved Kongsvinger, utan at det er synleg, undergrev sandbankane, og så tar ho brått «beinvegen sin fyrr nokon visste av det».

Dette minner om ein song vi kjenner godt og vel:

Flaumen går,
i Noreg er vår,
og dølan' er det som rår.

Der eg kjem frå brukar vi å seie «det årnær sæ» - her trur eg det er grunn til å vere noko meir presis: Noregs Mållag– altså alle mållaga i Noreg – i samarbeid med gode politikarar og framsynte personar land og strand rundt – veit at vi stort sett må ordne dette sjølv – om vi er dølar, egder, bergenserar, romsdalingar, trønderar, nordlendingar, vagværingar eller vikværingar.

Godt møte til oss alle og ei god framtid for dei norske dialektane og nynorsken!


 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no