Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ordne opp i den digitale læremiddelsituasjonen

 (13.04.2018)

– Det er ikkje greitt at ein ikkje fylgjer lova. Ho er heilt tydeleg og gjeld både digitale og analoge læremiddel. Dette skal me få til, seier Jan Tore Sanner, kunnskaps- og integreringsminister, til landsmøtet i Noregs Mållag. 

Då han kom til landsmøtet i Vinje fredag kveld brukte han delar av taletida si til å snakke om den viktigaste saka på landsmøtet til Noregs Mållag, mangelen på digitale læremiddel på nynorsk.

Han synte til læremiddelrapporten Synnøve Midtbø Myking har skrive til Noregs Mållag om situasjonen for digitale nynorske læremiddel.

– Eg ser at de er uroa for utviklinga knytt til digitale læremiddel. Det tyder at vi må vurdere våre verkemiddel og sjå kva me kan gjere betre for å få fleire læremiddel og fleire læringsressursar på bokmål og nynorsk, seier Jan Tore Sanner. Han sa at læremiddelsituasjonen minte han om korleis det var då han sjølv gjekk på skulen, der nynorskbøkene ofte kom etter bokmålsbøkene.

– Departementet har fått saka frå Utdaningsdirektoratet, men vi har ikkje bestemt oss for kva vi skal konkludere med i saka, seier Jan Tore Sanner.

Språkleg mangfald
– To likestilte målformer er ein styrke for det norske samfunnet, seier Jan Tore Sanner. Han bruke også taletida til å seie noko om konfliktlinjene i norsk politikk.
– Spennet kan vere like stort internt i ein by som det er mellom by og distrikt. I staden for å dyrke konfliktlinjer, må vi dyrke mangfaldet. Han la vekt på at det er viktig med mange ulike stemmer.
– Det er viktig med tydelege stemmer. Eg må innrømme at eg er ganske stolt over at det var John-Ragnar Aarseth som vart kåra til årets nynorskbrukar 2018 av Nynorsk kultursentrum.

Integreringspolitikk
Integreringspolitikk var også eit viktig emne i tala. Sarifa Moola-Nernæs, utsending frå Kvam Mållag, tok opp kor viktig det er at innvandrarane som kjem til nynorskkommunar bør få lære nynorsk.  
– Språk er nøkkelen i skulen og også i integreringsarbeidet. Norsk språk er også nøkkelen inn i arbeidslivet, i arbeidslivet, til utdanning, til å bli ein del av miljøet.

Sanner la vekt på kor viktig mållaget er for språkpolitikken i Noreg.
– Vi treng organisasjonar som Noregs Mållag som kan utfordre oss, vere ei motmakt, representere mangfaldet og vere ein del av den norske kulturen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no