Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2018

 (15.04.2018)

 

 

 

 

Magni Øvrebotten fekk Målprisen 2018 i høve landsmøtet i Noregs Mållag. Det var styremedlem Inger Johanne Sæterbakk som delte ut prisen. Inger Johanne var sjølv nynorskpraktikant i det fyrste kullet på NRK Nynorsk Mediesenter. 

Årets prisvinnar av Målprisen 2018 er ei viktig nynorskkvinne. Ho er ein stolt og medviten nynorskbrukar som alt frå unge år synte at når ho måtte, så stod ho opp for nynorsken. Etter all kunnskapen vi har fått om Aasmund Olavsson Vinje, veit vi kor viktige pressefolk er for nynorsken som språk. I kveld, 200 år etter Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, vil vi heidre ei pressekvinne. Vi kan trygt seie at ho er eit nynorsk førebilete i mediebransjen. Årets vinnar av Målprisen 2018 er Magni Øvrebotten.

Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Ho kjem frå Botnane i Bremanger og bur i Naustdal. Ho har vore leiar for Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004.  

Magni fekk si fyrste journalistiske erfaring som 17-åring. Då fekk ho arbeid i avisa Gula Tidend. Denne nynorske dagsavisa kom ut i Bergen, og ho hadde den legendariske pressemannen Per Håland til redaktør. Ho gjekk ut av Norsk Journalisthøgskule i 1978. I dei fyrste åra i arbeidslivet var ho innom både Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten, før ho i 1980 vart programsekretær og journalist i NRK Sogn og Fjordane. Ho var redaksjonssjef same stad frå 1985 til 1990 og distriktsredaktør frå 1990 til 2004. Og ho har også vore i styret i Noregs Mållag tidleg på 1980-talet.

På 1970-talet var det fleire aviser enn i dag som hadde forbod mot å skrive nynorsk for journalistane, og svært lite nynorsk kom på trykk. Då Magni var i avisa Nationen, ville nyhenderedaktøren bli kvitt henne fordi ho skreiv nynorsk, men lukkast ikkje. Men det er i innsatsen for nynorsk i NRK at Magni har sett dei djupaste spora.

Våren 2001 kom det fyrste framlegget om at dei 17 distriktskontora i NRK skulle bli til ti. Distriktskontoret i Førde skulle leggjast under NRK Hordaland, med sams redaktør og administrasjon i Bergen. Sommaren 2002 gjorde NRK-styret vedtaket.

Det vart rett og slett eit folkeleg opprør i Sogn og Fjordane, som fekk merksemd også nasjonalt. Magni var distriktsredaktør, og det var avgjerande at ho sa tydeleg frå om at framlegget ikkje var til gode for korkje redaksjonen i Sogn og Fjordane, for fylket, eller for nynorsken.

Då vart ideen, som hadde vore oppe nokre gonger i åra før, lansert på nytt: å få til ei systematisk opplæring av nye nynorske medarbeidarar i NRK gjennom eit nynorsk mediesenter. Tala synte at det kom inn for få nye medarbeidarar med nynorskbakgrunn i NRK. Skulle ein gjere noko med dette, var det NRK Sogn og Fjordane ein måtte setje sin lit til.

Dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland stogga vedtaket frå styret i NRK og bad dei vurdere nokre av samanslåingane på nytt, også den i vest. Dette vart det ramaskrik av: at kulturministeren ville styre mediepolitikken. Saka fekk meir merksemd. NRK Sogn og Fjordane argumenterte med at skulle dei vere base for eit Nynorsk kompetansesenter, med opplæring av inntil ti journalistar i året, så måtte dei vere eit sjølvstendig distriktskontor med eigen redaktør og administrasjon.

I januar 2003 vart det gjort endeleg vedtak om at alle dei føreslåtte samanslåingane frå året før vart vedteke, bortsett frå samanslåing mellom distriktskontora i Hordaland og Sogn og Fjordane. Og den direkte grunngjevinga for det var at ei samanslåing ville verka som eit hinder for å opprette eit nytt nynorsk kompetansesenter i Førde.

Det vart ein hard dragkamp, og ein kan knapt overvurdere kor viktig Magni Øvrebotten var i denne striden. Ho har seinare skrive i jubileumsheftet til Kringkastingsringen, «Med hjartet på rette staden», at «Det hadde nytta å kjempe, og det var vondt å svelgje for dei som meinte at det illojalt, og at større einingar var det beste.»

At NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distriktskontor, har betydd svært mykje for nynorsken, og for å få nynorske saker på dagsordenen. Og at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta, var beint fram eit politisk under. Endeleg fekk ein til ei systematisk og effektiv opplæring av nye aktuelle medarbeidarar til NRK og til andre medieverksemder. NRK Nynorsk mediesenter har til no utdanna 130 praktikantar. Nesten 60 % har jobb i media i dag.

Magni Øvrebotten har sjølv sagt til Norsk Tidend at ein slik sjanse som ho fekk då ho vart tilsett i Gula Tidend, utan erfaring, får ikkje unge folk i dag. Ordninga med nynorskpraktikantar er ein måte for unge å prøve journalistyrket. Ho meiner det kan vere krevjande å vere nynorskbrukande journalist. Det ho seier til dei nye journalistane, er alvorleg nok: «Du må vere ekstra god for å slå deg fram som nynorskbrukande journalist. Men om du er god, kan det å bruke nynorsk bli ein fordel for deg.»

Magni Øvrebotten er oppteken av at journalistane skal halde seg med eit enkelt språk og slett ikkje overta språket til maktelitane. Sjølv kallar ho seg eit ektefødd barn av dialektrørsla på 70-talet.

Magni Øvrebotten har alltid vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken. Både i rolla som distriktsredaktør og i den noverande rolla som leiar for NRK Nynorsk mediesenter, har ho vore tydeleg på vegne av nynorsken internt i NRK, og det veit vi at trengst av og til.

Magni Øvrebotten er ikkje berre eit nynorsk førebilete i mediebransjen. Ho er også eit førebilete for oss i målrørsla, ja for alle som kjempar for ei politisk sak. Denne viljen til språk som Magni har synt, gir oss nytt pågangsmot.

Vi veit at å ha Magni i ryggen, er ein tryggleik for nynorskpraktikantar som går ut i arbeidslivet. Ho er ei lojal støtte for kvar einskild nynorskpraktikant som forlèt Nynorsk mediesenter. Å ha slike folk i ryggen betyr mykje for den einskilde språkbrukaren, og det betyr mykje for nynorsk som språk.

Ho har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda. Kvar dag set desse språkleg spor etter seg i NRK, og dei set nynorske spor i oss, enten vi er unge eller vaksne.

Det er derfor Noregs Mållag gir ho denne fortente heideren: Målprisen 2018! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no