Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

 (17.04.2018)

Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale». Boka er gjeve ut på Samlaget. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner. 

– Årets vinnar av Nynorsk litteraturpris er ein uvanleg sterk roman, skriv juryen om «Tung tids tale. 
– Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn.
– Det er lenge sidan eg har vore på landsmøtet i Noregs Mållag og eg tykkjer det er stor stas å kome tilbake. Eg er stolt, glad og utruleg takksam for prisen, sa Olaug Nilssen då ho tok i mot prisen. Den vart delt ut på landsmøtemiddagen til Noregs Mållag laurdag kveld. 


Juryen har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen og dei skrive denne grunngjevinga: 
«Årets vinnar av Nynorsk Litteraturpris er ein uvanleg sterk roman som skildrar korleis det er å vere foreldre til eit barn som er annleis. Boka er skriven i eg-form, og mykje av teksten er adressert til eg-personens barn, ein gut. Guten er avhengig av mykje hjelp for å leve eit godt liv, og vi får eit innblikk i moras evige kamp mot byråkratiet for å sikre sonens velferd. Vi kjenner korleis ho kjemper for å halde familien samla, for dei andre barna sine og for seg sjølv og mannen sin.

Dette er ei bok om livet med eit autistisk barn. Det handlar om foreldras sorg ved å sjå barnet misse språket og forandre personlegdom, om dagleglivets mange utfordringar, men òg om dei gode stundene når kontakten med guten er der, og alt fungerer som det skal i kvardagen.

Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn.

Juryen gratulerer Olaug Nilssen med Nynorsk litteraturpris 2017 for romanen «Tung tids tale»!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no