Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Søkjer ny dagleg leiar

 (02.05.2018)

Kringkastingsringen søker ny dagleg leiar for organisasjonen, i 50 prosent stilling. Stillinga er eit åremål for ein periode på tre år. Søknadsfrist 31. mai. 

Dagleg leiar skal vera sekretær for styret, vera redaktør i medlemsbladet Kringom, og fremja synspunkta til organisasjonen overfor medieselskapa og styresmaktene. Dagleg leiar har òg ansvaret for medlemsregister og økonomistyring. Andre oppgåver er informasjonsarbeid, oppdatering av nettside, verving og nettverksbygging.

Stillinga som dagleg leiar er difor hovudsakleg knytt til utoverretta politisk arbeid og informasjonsarbeid. Medlemsbladet Kringom kjem ut tre gonger i året og dagleg leiar har ansvaret for tekstane i bladet. Du må derfor rekna med ein del journalistisk arbeid. I tillegg kjem skriftleg arbeid som høyringsfråsegner, pressemeldingar og lesarbrev.

Kringkastingsringen arbeider nært med Noregs Mållag og andre nærskylde organisasjonar i målrørsla. Samarbeid og nettverksbygging er derfor ein viktig del av stillinga

Les meir om stillinga hjå Kringkastingsringen

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no