Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Åsmund Husabø Eikenes

 (..)

Åsmund Husabø Eikenes får 50 000 kroner i nynorskstipend for å skrive sakprosabøkene Høg fem og Sprut. Målgruppa for desse to illustrerte bøkene er barn i alderen mellom seks og ni år.

– Utgjevingane Høg fem og Sprut er med på å bøte på eit problem vi i Mållaget har sett lenge, nemleg at det er ein stor mangel på sakprosabøker på nynorsk for barn, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Midlar til stipenda får vi av Kulturdepartementet, og føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde. Det eine skal gå til ei kvinne, og det andre skal gå til ein mann.

– Vi veit at alle små, nysgjerrige småskolebarn vil få tilgang til fagleg fundamentert informasjon på nynorsk, og derfor er vi begeistra for å dele ut det eine nynorskstipendet for 2018 til Åsmund H. Eikenes, seier Magne Aasbrenn.

Stipendiat Åsmund H. Eikenes har ein doktorgrad i cellebiologi frå Universitetet i Oslo. Gjennom utdanning og jobberfaring har han solide kvalifikasjonar for å kunne gjennomføre desse prosjekta. Han har fått mykje ros for si fyrste sakprosabok frå 2016: Handboka, alt du vil vite om hendene dine – og litt til.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no