Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt styre i Mållaget

 (16.04.2018)

Nytt styre i Noregs Mållag: Frå venstre: Marianne Granheim Trøyflat, Mariann Schjeide, Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, Peder Lofnes, Hauge, Inger Johanne Sæterbakk og nestleiar Jens Kihl. Helen Urdland Karlsen var er ikkje med på biletet. (Foto: Hege Lothe)

Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok nytt fire-årig arbeidsprogram og la den politiske strategien for dei neste fire åra. Noregs Mållag vil ha ein offensiv språkpolitikk på fleire felt. Der kravet om å sikre nynorskelevane gode vilkår i skulen står sterkt. 

Landsmøtet i Noregs Mållag har valgt nytt styre: Magne Aasbrenn (62) frå Fredrikstad er vald for to nye år som leiar og Jens Kihl (32) frå Oslo er vald som nestleiar i to nye år. 

Styremedlem Peder Lofnes Hauge (29), politisk rådgjevar for Venstre for sosialbyråden i Bergen og frå Gloppen er vald på ny, og det er også styremedlem Inger Johanne Sæterbakk (37), kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, kjem frå Orkdal og bur i Oslo.
 
Nye i styret: Mariann Schjeide (53) er leiar for Norsk Bibliotekforening, kjem frå Skodje og bur delvis i Oslo, og Helene Urdland Karlsen (32) er frilansar, kjem frå Voss og bur i Oslo.  
 
Ny varaliste er: 1. vara Marianne Granheim Trøyflat (37) som er lektor ved Valdres vgs, 2. vara er Anders Riise (49), ordførar for Høgre i Hareid kommune. 3. vara Birgitta Lim Ersland (29) som arbeider for den sørkoreanske ambassadøren ved Republikken Koreas ambassade i Oslo fekk attval og det gjorde også 4. vara Øyvind Fenne (67) frå Eide i Romsdalen, tidlegare lærar i vidaregåande skule.

Les meir om landsmøtet på desse landsmøtesidene

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no