Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Ingebjørg Eide

 (31.05.2018)

– Stipendet skal brukast til eit lærebokprosjekt ved Eide ungdomsskole. Ingebjørg Eide ønskjer å finne ut om elevane får ei betre tilnærming til nynorsk og vert flinkare i sidemålet om dei møter målforma i fleire fag enn norsk, fortel Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

– Vi ønskjer betre sidemålsundervisning, og det er veldig viktig at det er lærarar som Ingebjørg Eide som vil prøve ut positive sidemålsforsøk. 

Ho skal bruke stipendet på innkjøp av samfunnsfagbøker på nynorsk til klasse 10a ved skulen. Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda vil følgje prosjektet i det komande året. Erfaringane frå tidlegare prosjekt syner at det har ein positiv effekt for sidemålsopplæringa om elevane får meir mengdetrening i faget. 
Etter at ho gjennomførte nynorskstudiet ved Høgskulen i Volda, har Ingebjørg Eide vorte meir merksam på kor viktig det er at elevane møter nynorsken tidleg, og gjerne gjennom musikk og litteratur. 

 Kunnskapen eg fekk om korleis nynorsk kan få ein større og naturleg del av skulekvardagen til bokmålselevane, har gjort at eg søkjer etter nye måtar å undervise på i målforma, seier Ingebjørg Eide.

 Eg synest det er fint når elevane går frå ei negativ haldning i byrjinga av åttande trinn, til å vere glad dei meistrar stadig meir no på niande trinn. Det er òg kjekt å høyre at dei er meir merksame på eiga dialekt, og at dei brukar dialekta som grunnlag for å finne gode nynorske ord og måtar å uttrykkje seg på, fortel Ingebjørg Eide. 

Stipendmottakaren er adjunkt med tilleggsutdanning og har vore lærar ved skulen sidan 1984. Ho underviser i norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag. Klasse 10a er ein klasse ho kjenner godt, og ho skal ha han både i norsk og samfunnsfag i skuleåret 2018-19.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no