Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Send inn kandidatar til Nynorsk næringslivspris

 (04.06.2018)

Juryen for Nynorsk næringslivspris 2018 inviterer alle til å koma med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener denne prisen.

I fjor fekk Fjord1 prisen, og året før gjekk den til Dyrsku'n i Seljord. Her kan du lesa heile prisrekkja og grunngjevingane for tildelingane til Nynorsk næringslivspris sidan 2006.

I statuttane for Nynorsk næringslivspris står det at utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av mållova, kan motta prisen/utmerkinga. Jury for Nynorsk næringslivspris er Magne Aasbrenn, leiar, Nina Berge Rudi, Øystein Skjæveland, Arne Hjeltnes og Olin Johanne Henden.

Send framlegg til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo eller på e-post til gro.morken@nm.no

Frist for å senda inn framlegg: 21. september 2018.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no