Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NRK oppfyller ikkje nynorskkrava

 (07.06.2018)

– Det er skuffande at NRK har lagt bak seg enda eit år der statskanalen ikkje evnar å oppfylle nynorskkrava, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Vi har håpa at ein god handlingsplan skulle få tydelege, positive utslag, men det har ikkje skjedd. Nå er det godt Medietilsynet legg press på NRK slik at det endeleg kan bli orden på dette.

I statuttane for NRK står det at dei skal ha minst 25 % nynorsk i kvar kanal. Frå 2016 til 2017 har nynorskdelen i NRK1 TV gått ned frå 21 % til 20 % og på nrk.no frå 17 % til 16 %. Handlingsplanen slår fast at NRK må ha særleg merksemd på innhald som blir formidla på nett og i sosiale medium.
– Det er overraskande at resultatet er dårlegare enn før også på område som skulle lyftast særskilt fram, seier Magne Aasbrenn.

Samla har nynorskdelen i alle kanalar gått ned med éin prosent til 22 prosent totalt. Lyspunktet er NRK Super som har gått opp frå 25 % til 27 %, og barn og unge både treng og fortener eit godt språktilbod.
– Leiarsjiktet i NRK må ta eigen handlingsplan på alvor, seier Magne Aasbrenn.

– Der står det at NRK må finne og utnytte språkkompetansen i eigen stab, satse på nynorskbrukarar i talent- og profilarbeidet og bruke Nynorsk mediesenter meir. Den nye rapporten frå Medietilsynet gir dei ikkje noko val lenger.

Her finn du: Allmennkringkastingsrapporten 2017 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no