Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny direktør i Nynorsk kultursentrum

 (11.06.2018)

– Noregs Mållag gratulerer på det varmaste Per Magnus Finnanger Sandsmark som ny direktør i Nynorsk kultursentrum, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

– Dette er eit spennande val av direktør og vi ser fram til å samarbeide vidare med han og den viktige institusjonen Nynorsk kultursentrum, seier Magne Aasbrenn. 

Per Magnus Finnanger Sandsmark har arbeidd i Nynorsk kultursentrum i nær tre år. Frå hausten 2015 var han formidlar, festivalprodusent og prosjektmedarbeidar ved Olav H. Hauge-senteret. Sidan februar 2017 har han vore redaktør i Allkunne og medlem av leiargruppa i Nynorsk kultursentrum. Sandsmark tek til i stillinga 1. november. 

– Første gongen eg trefte Per Magnus var i 2005 da han som 15-åring kom til fylkesårsmøtet som ein av tre representantar for målungdommen i Østfold. Alt da blei eg imponert over kor kunnskapsrik han var, seier seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no