Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Personvernerklæring for Noregs Mållag

 (29.06.2018)

Denne personvernerklæringa gjer greie for vår handtering av personopplysningar som vi samlar inn for å kunne utføre tenestene våre overfor medlemer og andre vi jobbar med.

Behandlingsansvarleg i organisasjonen er dagleg leiar om ikkje oppgåver er delegerte. Førespurnader for innsyn, retting eller sletting av personopplysningar kan gjerast til medlem@nm.no.

Medlemskap / medlemsregisteret
Custard Labs AS er databehandlar og driftar medlemsregisteret til Noregs Mållag.

Frå medlemene våre hentar vi inn namn, adresse, telefonnummer, fødselsår, e-post adresse og betalingsinformasjon. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportere på medlemstal. I tillegg treng vi kontaktinformasjon på medlemer for å kunne gje eit tilstrekkeleg tilbod og informasjon knytt til medlemskapen. Vi har også personnummer til dei som har gjeve det til oss, som grunnlag for å få skattefrådrag for gåver dei har gjeve. Informasjon om personnummer er det berre dei som arbeider med medlemsinformasjon sentralt, som har tilgang til. Som medlem i organisasjonen får du medlemsbladet vårt fem gonger i året. Du kan i tillegg aktivt samtykkje til å få nyhendebrev elektronisk.

Utover dette registrerer vi eventuelle verv hjå oss, det vil seie styreverv på ulike nivå i organisasjonen. Styreleiarar i lokallag, fylkeslag og yrkesmållag er offentleg informasjon og blir publisert på Noregs Mållag sine nettsider saman med kontaktinformasjon som vi har fått frå laget. I medlemsregistret ligg også betalingshistorikk for medlemskontingent og eventuelle gåver.

Tilsette i det sentrale sekretariatet har tilgang til medlemsregisteret. Fylkesstyre og lokallagsstyre får tilsendt medlemsliste 2–3 gonger i året. Custard Labs AS har tilgang til medlemsregisteret for å kunne utføre oppgåvene sine som databehandlar.

Tilgang til data er nivåstyrt. Fylkesleiarar har berre tilgang til medlemslister med registrerte medlemer i sitt eige fylkeslag, medan lokallagsleiarar berre har tilgang til medlemslister med registrerte medlemer i sitt eige lokallag. I enkelte tilfelle vil det bli gjort skjønsvurderingar som gir tilgang til fleire personar i eit lokallag eller fylkeslag.

Noregs Mållag sine medlemslister er konfidensielle og skal ikkje utleverast til andre enn dei som er nemnde over, eller etter dom/pålegg frå politiet. Dei som ynskjer innsyn i personopplysningar som er lagra om dei, kan sende ein e-post til medlem@nm.no

E-post
Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør derfor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi får ein slik e-post, behandlar vi e-posten ut frå innhaldet og slettar han etterpå.

Nyhendebrev
Som medlem hos oss kan du melde deg på som mottakar av nyhendebrevet vårt. For at vi skal kunne sende deg nyhendebrev, må du registrere e-postadressa di hos oss. Denne blir lagra i ein eigen database, blir ikkje delt med andre, og e-postadressa blir sletta derifrå når ho ikkje lenger er i bruk.

Bruk av informasjonskapslar (cookies)
Nettstaden vår bruker ikkje informasjonskapslar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no