Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag:

– Gledeleg at nytt, kommersielt Oslo-forlag satsar på nynorsk

 (14.08.2018)

– At eit nytt, Oslo-basert forlag med kommersiell innstilling satsar på nynorsk i første utgiving, er gledeleg og viser kor sterkt nynorsken står som litteraturspråk i dag, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Bakgrunnen er at forlaget Gloria no gir ut den første boka, som er romanen «Svartstilla» av debutanten Susanne Skogstad.

Sist vinter blei det stor ståhei i forlagsbransjen da det blei kjent at hotellkongen Petter Stordalen starta tre forlag der han fekk med seg kjende bestseljarforfattarar i stallen. I debuten no i august satsar Anne Gaathaug, forlagssjef i Gloria, på ein roman som handlar om ei eldre kvinne som nyss har mista mannen sin og må flytte på sjukeheim. Forfattar Susanne Skogstad er fødd i 1992. Ho bur i Oslo og kjem frå Eid i Nordfjord.

– Vi gler oss over at nynorsken er med frå første utgiving på eit forlag som Gloria, og det viser at nynorsken er eit solid litteraturspråk, seier Magne Aasbrenn. 

– Utan tvil har tidlegare suksessar frå forfattarar som Edvard Hoem, Anna Gavalda, Elena Ferrante òg rydda veg for nynorsk forteljarkunst både hos forlag, bokhandlarar og ikkje minst lesarar.

Når forlaget slepper nynorsken til i front, bør det vere ei klar melding til andre tekstprodusentar på kulturfeltet om at tida er overmoden for meir nynorsk, meiner Noregs Mållag. Dei store riksavisene har til dømes rom for mykje meir nynorsk. Kinofilm og film på strøymetenester bør òg tekstast på nynorsk.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no