Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Møte med Trine Skei Grande

 (22.08.2018)

Magne Aasbrenn og Gro Morken Endresen frå Noregs Mållag har hatt møte med ein interessert kulturminister Trine Skei Grande.

Noregs Mållag tok fyrst og fremst opp tre viktige saker. 

  • Ny språklov: Kulturdepartementet arbeider med eit framlegg til ei ny språklov. Noregs Mållag er veldig oppteken av å få til ei mållov som fremjar nynorsk og ikkje berre jamstiller nynorsk med bokmål. 
  • Språkteknologi: Taleattkjenning og produksjon av syntetisk tale blir stadig viktigare i utviklinga av nye teknologiske hjelpemiddel. Tida er i ferd med å renne ut for å sikre nynorsk ein plass i den språkteknologiske revolusjonen. Berre sentrale styresmakter kan koordinere og sikre norsk (bokmål og nynorsk) i framtidige tenester. 
  • Nynorsk kulturtilbod for barn og unge: Mållaget nytta høvet til å kome med fleire framlegg til tiltak for å styrkje tilbodet for den mest sårbare gruppa nynorskbrukarar.

Dessutan tok vi opp nynorskperspektivet på ny lov om trus- og livssynssamfunn og mediemangfaldsmeldinga. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no