Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olga Meyer (1930 – 2018)

 (27.08.2018)

Det var med stor sorg Noregs Mållag tok imot meldinga om at Olga Meyer er død. Gjennom kjærleik til målet og hug for målreisinga har Olga Meyer brukt livet sitt for nynorsken. På landsmøtet i Bergen 27. juli 2000 vart Olga Meyer utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag.

Olga Meyer vart fødd i Fana 8. august 1930. Ho arbeidde nokre år som lærar i heimbygda og i Oslo, og ho tok eksamen ved Volda lærarskule i 1967. Hausten 1968 byrja ho på opplæringskurset i NRK og i 1969 vart ho tilsett i NRK Radio. Der arbeidde ho i samfunnsavdelinga frå 1969–93 og i Oslo-redaksjonen i P1 1993–2000. Ho har òg vore salongjente i norsk utanriksfart.

I over 30 år vart røysta til Olga kjend for heile folket gjennom radioen. Olga gav nynorsken eit andlet og ei røyst. I radioen var Olga med i redaksjonane for programma «Kvardagen», «Forbrukaren har ordet», «På direkten», «Sånn er livet», «Ekko» og «Sølvsuper». Frå 1995 til ho slutta i NRK, var ho fast gjest i Nitimen med dyrehistorier sende inn frå lyttarar frå heile landet. Desse sogene var ho òg med på å redigere til fleire dyrebøker som vart svært populære. 

Olga Meyer var viktig for nynorsken i NRK. Ho var ein uredd pådrivar for å få fleire nynorskmedarbeidarar i NRK, og kom med stadige påminningar om at jamstellingsomsyn måtte telje med i programsaker og i tilsetjinga av nye folk.

Olga Meyer var oppteken av mange saker og samfunnsspørsmål. Gjennom radioprogramma tok ho opp viktige samfunnsspørsmål med stor iver og eit sterkt engasjement. Sosial urettferd og mistilhøve var støtt saker som Olga presenterte på ein god og kunnskapsrik måte. Vi kan trygt seie at Olga både er eit barn av og sjølv har vore ein grunnstein i den folkeopplysninga NRK var og skulle vere. 

Olga Meyer var aktivt med i mållaget i mange tiår. Og støtt har ho takka ja til å ta eit tak, anten det har vore med styreverv eller praktiske arbeidsoppgåver. Olga har sete i styret og arbeidsutvalet i Noregs Mållag og som leiar for Fylkesmållaget Vikværingen. Ho har òg vore med i styret for Dag og Tid og vore leiar for «Venner av Det Norske Teatret». I 2004 vart ho utnemnd som heidersmedlem i Oslo Mållag.

Det er likevel innsatsen i Mediemållaget Olga mest vil bli hugsa for. Ho var med på å skipe Mediemållaget i 1977, og var leiar i laget frå 1992–94. Ho seier sjølv at dette var ei vanskeleg tid for journalistane i Mediemållaget fordi Noregs Mållag hadde teke standpunkt mot EU, medan journalistane ikkje ville stå fram med noko standpunkt.

Olga Meyer har naturlegvis fyrst og fremst vore oppteken av NRK og nynorsken. Siste store striden ho kasta seg inn i med liv og lyst i 2002, var kampen for å halde på NRK Sogn og Fjordane som eige distriktskontor med redaktøransvar. Det var ei sak som vekte mykje engasjement, og dåverande kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland gjorde det klårt at NRK Sogn og Fjordane er viktig for nynorsken i NRK. I 2004 vart NRK Nynorsk mediesenter opna i Førde, og distriktskontoret har halde fram med å sikre nynorske røyster og tekst frå NRK.

Olga Meyer tok imot Kringkastingsprisen alt i 1981 og er heidersmedlem i Fana Mållag, i tillegg til Noregs Mållag. Noregs Mållag har ei ordning, etter gamalt, der du kan stå som medlem i fleire lag, og det er ein handfull medlemer som gjer nett det. Olga Meyer var ei av dei som ynskte å syne aktiv støtte til heile den organiserte målrørsla. Ho stod i heimelaget Fana Mållag i tillegg til bylaget i Oslo der ho budde i heile sitt vaksne liv, og sjølvsagt Mediemållaget. Som heidersmedlem var Olga på fleire landsmøte i Noregs Mållag, og ho var ein sjølvskriven og entusiastisk gjest då Noregs Mållag feira 100 årsjubileum i 2006. Siste knapt ti åra har ho ikkje kunna teke del i målarbeidet på grunn av sjukdom.

Når vi no minnest Olga Meyer, så er det den energirike, kunnskapsrike kvinna med det gode humøret og ikkje minst dei artige replikkane vi hugsar. Ho var så uhøgtidleg og liketil med både høg og låg, ny og gamal.

Det var uråd ikkje å like og ikkje å bli glad i Olga Meyer. Med innsatsen sin, sitt vinnande vesen og si varme røyst har ho gjeve nynorsken eit andlet og ei røyst og vi skuldar ho ein stor takk.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag 
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no