Nynorsk i Den norske kyrkja
(29.08.2018)

Fram til i 2012 var Den norske kyrkja ein del av staten. Med endringa i 2012 er Kyrkja ikkje underlagt staten på same måte, sjølv om kommunane framleis har ei plikt til å stø Den norske kyrkja.
Ei av endringane etter den nye organiseringa er at Den norske kyrkja formelt ikkje er bunden av mållova.
Kyrkjemøtet, som er det øvste organet i Den norske kyrkja, har drøfta saka: Som trussamfunn med breitt nedslag i befolkninga såg Kyrkjemøtet i år det som viktig at Den norske kyrkja arbeider ope og transparent og derfor bør legge til grunn vesentlege delar i mållova.
Kva inneber dette i praksis for nynorsken? Dette var tema under eit hyggeleg møte i Kyrkjas hus i Oslo i førre veke.
Bilete: Frå venstre Kristian Skjeldal, seniorrådgjevar i Den norske kyrkja, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og Anders Backer-Grøndahl Eide, seniorrådgjevar i Den norske kyrkja.
|