Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk i skolane og i lærarutdanninga

 (31.08.2018)

Fredag 28. september blir studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte inviterte til seminar på Høgskolen i Innlandet. 

 – Det er ei stor glede å kunne invitere til det sjette nynorskseminaret på Hamar, seier Jens Haugan ved Høgskolen i Innlandet og leiar i Hamar dialekt- og mållag. 

Nynorskseminaret har som mål å presentere både forsking, undervisningsopplegg, tips om litteratur og konkrete erfaringar frå praksisfeltet frå dei ulike skoleslaga og frå lærarutdanninga.

Seminaret rettar seg mot studentar, lærarar, skoleleiarar, lærarutdannarar og andre interesserte. Det vil vere 10 minutt til open diskusjon og dialog etter kvart føredrag. Så langt har det vore eitt seminar om våren og eitt om hausten. Mens vårseminaret er meir ope når det gjeld tema, er haustseminaret knytt til det aktuelle temaet til dei nasjonale forskingsdagane, som i 2018 har temaet «oppvekst». Nynorskseminaret er derfor hovudsakleg retta inn mot «oppvekst med nynorsk».

Seminaret er gratis, men vi ber likevel om bindande påmelding sidan vi har tenkt å servere ein enkel lunsj.
Kontakt/påmelding: Jens Haugan, jens.haugan@inn.no, tlf. 911 95 432

Neste seminar (nr. 7) blir truleg 26. april 2019. 
Ta kontakt dersom du kan tenkje deg å bidra med eit innlegg på det neste nynorskseminaret! 

Informasjon om føredraga på nynorskseminaret 28.09.2018:

Jens Haugan frå Høgskolen i Innlandet vil ta utgangspunkt i dei teoretiske tilnærmingane til bl.a. Norton (2013) og Dörnyei (2009) og sjå på omgrep som motivasjon, investering, maktforhold, sosial verd og førestilt språkleg identitet, som kan brukast for å forstå korfor det kan vere vanskeleg å lære nynorsk som eit sidemål i skolen. Samfunnet og den sosiale verda representerer maktfaktorar som ikkje fremjar motivasjon for å lære nynorsk. Dette resulterer i eit minimum av investeringslyst hos elevane eller studentane. Dei same faktorane fører også til at ein ikkje ønskjer å førestille seg ein annan språkleg identitet, som gjerne er ein suksessfaktor når det gjeld å lære språk.

Kjell Aasen frå Språkrådet kjem til å sjå over gjeldande regelverk, opplæringslova og barnehagelova m.m., og identifisere kva delar av regelverket som i dag står i vegen for å sikre at det er enkelt for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på nynorsken. Han vil dessutan skissere framlegg som kan gjere regelverket betre på desse punkta. Dette er særleg aktuelt i samband med arbeidet til det regjeringsoppnemnde utvalet som hausten 2019 skal levere framlegg til ny opplæringslov.

Siri Wathne Grøndahl frå Furnes ungdomsskole i Ringsaker, Hedmark, vil dele erfaringar frå klasserommet og ungdomsskoleåra til elevane med nynorsk som sidemål.

Mari Nilsen Skogsrud frå Høgskolen i Innlandet vil prate om teikneseriar i litteraturundervisninga i den vidaregåande skolen. Ho vil presentere eit utval teikneseriar for eldre lesarar (Soga om Olav Sleggja og Futen av Øystein Runde samtEpiske amputasjoner av Steffen Kverneland). Tekstutvalet blir brukt for å belyse korleis teikneseriar på nynorsk kan brukast i mange ulike norskfaglege samanhengar, og korleis teikneseriemediet kan vere relevant i arbeid med fleire forskjellige kompetansemål i norskfaget. Fokuset kjem spesielt til å vere på korleis arbeid med nynorsk kan verke motiverande for elevane når dei møter nynorsk i tekstar som dei synest er spennande og interessante.

Liv Astrid Skåre Langnes frå Nynorsksenteret vil prate om korleis skrift og bilete samarbeider i teikneseriar.

Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret vil prate om korleis den nynorske nettavisa framtidajunior.no kan brukast som utgangspunkt for skriving på 5.-7. trinn.

Ole Ivar Burås Storø frå Foreningen !les vil dele erfaringar frå den nynorske leseaksjonen Tid for ti på 7. trinn.

Troels Posselt frå Foreningen !les vil prate om korleis ein lagar lærarrettleiingar til prosjekt som bl.a. skal leggje til rette for gode litterære samtalar der elevane får støtte til å formulere leseopplevingane sine.

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no