Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt mållag i Moss!

 (12.09.2018)

Heile 15 personar kom og vart med på skipingsmøtet til Moss Mållag tysdag kveld. Det var Noregs Mållag og Østfold Mållag som tok initiativ til møtet på Moss bibliotek der utviklinga av mossedialekta var eitt av emna.

Det første styret er på plass fram til årsmøtet neste år. Fremst sit den første leiaren av Moss Mållag, Trygve Hansen Eidem. Bak frå venstre står Magnus Bernhardsen, Tom Rikard Ostad, Gro Carlsen og Anders Ericson. På møtet var fleire som var på sitt aller fyrste mållagsmøte, og nokre melde seg inn i Moss Mållag der og då.

– Nokre vil kanskje undre seg over at nynorsk-organisasjonen Noregs Mållag blandar seg inn i dialektarbeid i Østfold. Er ikkje nynorsk og Østfold-dialekt to forskjellige ting? For oss i mållaget er det ikkje det. Den grunnleggande grammatikken er lik. Vi arbeider for at alle i landet skal få bruke dialekta si fritt, skriv Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i Moss Avis same dagen som det var skipingsmøte.

Han avsluttar kronikken med desse orda.
– Nå håpar eg på ny debatt om dialekt, språk og identitet i Moss – i ein by som er på vippen mellom soveby og by med sjølvstendig identitet. Kællane (og damene) frå Moss må igjen på banen, og det gjeld ikkje berre fotball.

Vil du ha kontakt med den nye leiaren i Moss Mållag, send e-post til Trygve Hansen Eidem: trygveeidem@gmail.com 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no