Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Statsbudsjettet:

Saknar avklaring om språkdelt ungdomsskule

 (08.10.2018)

- Mållaget er skuffa over at regjeringa skubbar avklaringa om språkdelt ungdomsskule endå eit år fram, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Kunnskapsministeren har lova ei avklaring i dette budsjettet, seinast i eit svar til Stortinget i august i år. Når regjeringa no seier at det skal kome ei avklaring i 2020-budsjettet, er ikkje dette godt nok, meiner Aasbrenn.

- Me er glade for at det vert lova ei lovendring, men hadde håpa at denne regjeringa ville gjort meir for å sikre alle elevar rett til opplæring på eige språk ut grunnskulen.

Midlar til språkdelte ungdomsskular vil gjere at elevar i ungdomsskulen i område med både nynorsk og bokmål, vil ha ein rett til å gå i eigne nynorskklasser og få opplæring på nynorsk slik dei har i barneskulen. At desse elevane i dag i stor grad får opplæring på bokmål, gjer dei ikkje til trygge nynorskbrukarar.

- Me er glade for at regjeringa vidarefører stønaden til nynorskorganisasjonane og syner vilje til å styrkje og løfte den nynorske skriftkulturen. Særleg vil me peike på løyvinga til Vinje-senteret og at både Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret får auka løyvingane sine. Det er òg godt at Landssamanslutninga av nynorskkommunar har fått ein fast plass på kulturbudsjettet, seier Aasbrenn.

At det ikkje var rom i budsjettet til nynorskroboten til Nynorsk pressekontor eller eit løft for det gode arbeidet Framtida.no gjer for nynorsk på nett, gjer han uroa for framtida til nynorsken i den digitale verda.

- Stortingshandsaminga vil syne kva vilje som ligg i det politiske fleirtalet for å rette opp dei negative sidene av dette budsjettet for nynorskbrukarane.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no