Nynorskstafett på Agder
(22.10.2018)

I dag byrja Nynorskstafetten på Agder. Starten var i Vegårdshei og Åmli.
Nynorskstafetten fekk tid til både besøk på skular, i barnehagar, snakka med to ordførarar og lunsjmøte med Vegårdhei Mållag.
Gro Morken Endresen og Marit Aakre Tennø reiser for Noregs Mållag, og Gunnhild Skjold reiser for Norsk Målungdom.

Vegårshei kommune driv eit språkprosjekt retta inn mot borna i barnehagen. Gro Morken Endresen og Marit Aakre Tennø fekk møte Berit Hauge Valle som er ansvarleg for dette språkprosjektet i kommunen. I Vegårdhei barnehage fekk dei møte Gunn Hege Flåta Siring og Hilde Torjussen Øverland.
Ordførarmøte
Nynorskstafetten fekk møte ordførar i Vegårshei kommune, Kirsten Helen Myren, og ordførar Ragnar Saga i Åmli kommune. Begge to fekk overrekt kvar sin stafettpinne med nokre ord om kor viktige kommunane er for nynorskbrukarane.

|