Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Julekalenderen i sal!

Gjennom heile desember kan du opne ei ny luke kvar dag. Kvar dag er det mogleg å vinna gåvekort på reiser, pledd, krus og mykje meir. I tillegg til sjølve lotteriet vil ein kvar dag kunne læra eit nytt ord! 

Det er altså råd å vinna gåvekort på reiser, pledd, krus og mykje meir. Til saman er det 282 vinstar med ein samla verdi på kr 130 186,–! Pris pr. kalender er 100,– kroner, og han er like stor som eit A4-ark. I tillegg til sjølve lotteriet vil ein kvar dag kunne læra eit nytt ord. Orda er henta frå Norsk Ordbok, band V, (Det Norske Samlaget, 2005).

Kalenderen kjem i staden for det tradisjonelle skrapelotteriet. Til liks med lotteriet, skal inntekta gå til lokalt og nasjonalt målarbeid. Kvar kalender er med i trekninga om fine vinstar. Så strengt teke er dette eit julekalenderlotteri, men det ordet ligg ikkje så godt på tunga. 

Du kan tinge kalenderen HER eller senda ein e-post til  krambua@nm.no.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no