Vil ha meir nynorskvennleg politikk
(05.11.2018)

– Med Kristeleg Folkeparti i regjering ser Noregs Mållag fram til ein enda meir nynorskvennleg politikk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Utdanningsdirektoratet har greidd ut språkdelt ungdomsskule etter oppdrag frå eit samrøystes Storting i 2016.
– Me går ut frå at eit KrF i regjering sikrar nynorskelevane rett til opplæring på nynorsk ut heile grunnskulen. I eit nynorskvenleg budsjett kan dette bli innført alt frå hausten 2019. Da kan 8.-klassingane neste år få halde fram i eigen nynorskklasse og ikkje bli spreidde ut i bokmålsklassar, seier Magne Aasbrenn.
I tillegg må nynorskelevane få det tilbodet dei har krav på i digitale læremiddel. Sentrale styresmakter må ta ansvaret for dette feltet, ikkje overlate ansvaret til kvar einskild kommune.
I partiprogrammet seier KRF at partiet vil verne og styrke norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt. Det må tyde ei ytterlegare styrking av lovnaden i Jeløy-erklæringa om å sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei de to likestilte målformene i norsk.
– Denne styrkinga må innebere at det blir innført tidleg start med nynorsk, og at læringa blir sikra med at det framleis blir gitt halvårskarakterar både i hovud- og sidemål gjennom heile ungdomsskulen og vidaregåande. Dette er viktig for å halde oppe både kompetansen og statusen til nynorsken, seier Magne Aasbrenn.
|