Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for ti 2019 aukar igjen

 (06.11.2018)

Den nynorske leseaksjonen Tid for ti er no fullteikna. Førre skuleår var opplaget på antologien som følgjer med aksjonen, på 20 000 eksemplar. Dette skuleåret vil antologien bli send til skular i eit opplag på 25 000.

– Tid for ti når stadig nye høgder. Opplaget har auka jamt og trutt sidan starten i 2015. Vi starta med 15 000, var i fjor innom 20 000, og no er vi oppe i 25 000. Det er påmelde skular frå heile Noreg, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

– Fleire skular står på venteliste, og vi skulle gjerne også gitt tilbodet til bibliotek. Men tekstutdrag, lydfiler, konkurransar og lærarrettleiing vil også vere tilgjengeleg på nettsida, påpeikar Ole Ivar Burås Storø.

Ein av forfattarane som er med antologien, er Inger Johanne Sæterbakk som også er styremedlem i Noregs Mållag. Ho har skrive ungdomsboka 1000 dagar, som handlar om Johanna og Georg. Dei er bestevener og startar i same klasse på ungdomsskulen, men Johanna bestemmer seg for at venskapen treng ein pause så lenge dei går der. Det vil seie i 1000 dagar. Sæterbakk er glad for at boka hennar når ut til unge lesarar.

– Den store draumen min er alltid å få fleire lesarar, og då er det veldig stas at 25 000 skuleelevar får bli kjende med ein del av boka mi, seier ho.

– 1000 dagar er den boka eg sjølv gjerne skulle ha lese då eg var tolv og eit halvt år, fordi eg trudde eg var den einaste som kjende meg rar og usikker på den tida. Eg håpar at dei elevane som sit rundt på skolane i dag og kjenner på den same usikkerheita som Johanna i boka, kjenner seg litt mindre aleine og mykje meir vanlege etter å ha lese boka. Og at boka kanskje kan inspirere nokon til å ta ein god prat med ein ven, utan å ta pause frå venskapen, legg forfattaren til.

Desse bøkene er med i Tid for ti 2019:

Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland, Samlaget 2018
Snillionen av Arnfinn Kolerud, Cappelen Damm 2017
Klure av Atle Hansen, Samlaget 2018
Jojo av Ida Eva Neverdahl, Samlaget 2018
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2017
Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, Flamme 2018
Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven, Samlaget 2016
Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018
Jag är Supermann av Lars Mæhle, Samlaget 2017
Galderstjerna av Asbjørn Rydland, Samlaget 2016

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no