Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av nynorskstipend

 (19.11.2018)

Har du eit godt nynorskprosjekt, men manglar pengar? Noregs Mållag lyser ut to nynorskstipend à kr 50 000. Søknadsfristen er 12. februar 2019.

Føremål: Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som fremjar nynorsk på alle samfunnsområde. Stipendnemnda ser særleg positivt på søknader som har som føremål å få nynorsken i bruk på område der han frå før er lite brukt.

Kriterium for tildeling: Ei kvinne og ein mann skal tildelast kvar sitt stipend på 50 000 kroner. Stipendet er eit arbeidsstipend og kan ikkje nyttast til ordinær utdanning eller til reiser.

Krav til søknad/prosjektbeskriving:
- problemstilling og mål
- arbeidsform/metode
- tidsplan
- budsjett
- vedlegg: CV og ev. referansar til tidlegare arbeid

Krav til sluttrapportering: Det skal leverast ein skriftleg sluttrapport (på papir og elektronisk) innan fristen. Stipendiatane må seia seg villige til å leggja fram prosjektet for styret eller andre organ etter nærare avtale.

Styret i Noregs Mållag er stipendnemnd. Send søknad og eventuell dokumentasjon på e-post til nm@nm.no, eller til Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo.

For spørsmål, kontakt Gro Morken Endresen, dagleg leiar, på telefon 957 85 560 eller e-post gro.morken@nm.no.

Frist for innlevering av søknad er 12. februar 2019.

Styret tek sikte på å kunngjera kven som har fått tildelt stipend i mars 2019.

Frist for innlevering av ferdig prosjekt er 15. desember 2019.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no