Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget har alltid plass til nye støttespelarar

 (04.12.2018)

«Nå må handling følge ord», skriv formannen i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, i mellom andre Bergensavisen.

Han viser til rapporten som nyleg har komme frå framtidsutvalet til Språkrådet. Han trekker fram at rapporten viser at norsk språk er i fare på grunn av globalisering, press frå engelsk, rask teknologiutvikling og mykje anna. Noko må gjerast – styresmaktene må lage ein handlingsplan for å redde norsk språk, skriv han.

 Vernegg skriv vidare at Riksmålsforbundet og Noregs Mållag er viktige for den dugnaden som må bli gjennomført for norsk språk, og han inviterer til samarbeid. Noregs Mållag er gledeleg overraska om det er slik at Vernegg og Riksmålsforbundet står heilhjarta bak alle konklusjonane til Språkrådet sitt framtidsutval.

Kulturministeren har lova oss ei ny språklov, og rapporten frå framtidsutvalet legg eit godt grunnlag for dette arbeidet. Eit fundament i framtidsrapporten er at bokmål og nynorsk skal vere likeverdige norske skriftspråk også på 2020- talet og framover, og for at det skal skje, må politikken leggast til rette for å stø opp om det minst brukte av skriftspråka, nemleg nynorsken.

Riksmålsforbundet er velkommen på laget vårt i denne kampen.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no