Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Gi barnebarna julegåva som varer heile året

Bli med på «Aksjon besteforeldre for Framtida»!

 (05.12.2018)

Framtida junior, den nynorske avisa og nettstaden for dei mellom 7 og 13 har fått avslag på støtte gjennom statsbudsjettet til neste år, og er no avhengig av fleire abonnentar for å halda fram.

– Eg utfordrar alle besteforeldre til å gi eit abonnement i julegåve til barnebarna, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Viss avisa klarer å få 500 nye abonnentar innan nyttår, så skal avisa klara seg. Dette er ei vinn-vinn-vinn-gåve. Avisa vinn, lesarane vinn fordi dei får ei avis som er kjempebra, men altfor lite kjend, og heimemiljøet vinn fordi dette ikkje berre er «enda eit leiketøy» som hamnar i ein haug på golvet.

Framtida junior er ei nynorsk papiravis og nettstad for barn og unge. Ho har nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, skrivekonkurransar, debatt, teikneseriar og aktivitetar. Papiravisa kjem i postkassa kvar 14. dag og tar med friskt mot opp kampen mot giganten Aftenposten junior, med variert og populært lesestoff frå heile Noreg og verda. Tilbakemeldingane frå barna er svært gode.

– Men oppmodar du nå folk til å betale for ei avis som kanskje brått blir lagd ned dersom ikkje nok abonnentar melder seg?
– Abonnentspengane er sikra uansett. Dersom avisa må stanse, garanterer utgivaren LNK for at overskytande beløp blir betalt tilbake. Elles kostar eit 2 månaders abonnement berre 199 kroner.

– Men kan ikkje dette svekke abonnementstalet til Norsk Barneblad?
– Sjølvsagt må ungane få Norsk Barneblad! Dette er to veldig ulike publikasjonar. Norsk Barneblad er eit magasin som også har stoff for yngre barn. Framtida junior er ei nyheitsavis. Ho gir elevane godt grunnlag for å skrive nynorsk i aktuelle oppgåver på skulen, enten dei skal ha det som hovudmål eller sidemål. Eit kjempeproblem for nynorsken er at barn og unge berre ser bokmål rundt seg i kvardagen. Framtida junior bøter på litt av denne ubalansen. Og sjølvsagt er det lov for foreldre å teikne abonnement, òg!

– Men blir barna glade for å få dette?
– Hadde det vore ei treig og trist blekke, hadde eg sagt «gløym det»!. Men dette er aktuelle saker, og mange barn likar avisa svært godt. I utgåva eg har her handlar det blant anna om Halloween, dataspel og om det skal vere aldersgrense på sosiale medium. Sjølv har eg tre barnebarn i København, og abonnement er bestilt til dei.

– Skal nynorsken erobre København no?
– Ja, det har vore på tide i 4-500 år, synest du ikkje det?

Her kan du tinge abonnement på Framtida junior: https://framtidajunior.no/bli-abonnent/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no