Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Skal Det Norske Teatret berre sette opp smale musikalar?

 (13.12.2018)


Ellen Birgitte Winther og Kyrre Hellum i førestillinga "Vår vesle". (Foto: Dag Jenssen / Det Norske Teatret) 

Direktør Knut Dahl ved Folketeateret likar ikkje at Det Norske Teatret tener pengar på store musikalar som The Book of Mormon, ifølgje NRK. Han vil ha dei store kommersielle musikalane for seg sjølv, medan Det Norske Teatret tar seg av mindre kjende musikalar.

I Dagsnytt 18, 6.12. sa Knut Dahl til teatersjef Erik Ulfsby ved Det Norske Teatret: ”Hvis du gir meg litt av statsstøtten din, så skal jeg gjerne sette opp på nynorsk. Null stress. Det er veldig, veldig enkelt.”

Ingenting vil glede oss meir enn at Folketeateret set opp musikalar på nynorsk. Det er eit språkmonopol som Det Norske Teatret har hatt i alt for mange år. 

Om det er ”null stress,”er vi mindre sikre på. Vi trur ikkje nokon av teatersjefane frå 1913 og fram til i dag har synst at det har vore enkelt, og dei har brukt mykje ressursar på å røkte eit mindretalsspråk, i ein by som ikkje alltid har akseptert at nynorsk også skal ha ein plass i Oslo.

Det Norske Teatret kan med rette kallast eit folketeater, ettersom det vart stifta av mållag, ungdomslag og privatpersonar i 1913, og framleis er eigd av desse, sjølv om teateret etter lang kamp fekk statsstøtte i 1935 og har statlege representantar i styret. Det Norske Teatret har lange tradisjonar for å spele internasjonalt musikkteater i stort format. Det starta med Oklahoma i 1949.

Folketeateret har som forretningsidé å gi publikum gode musikalopplevingar og tene pengar på det. Det har vi ingenting imot.

Det Norske Teatret er stifta av heilt andre grunnar, og over hundre år med målteater har vore like mykje ein kamp for aksept som det har vore suksessar. Det Norske Teatret skal vise at nynorsken finst og er lett tilgjengeleg. Det betyr at Det Norske Teatret må ha svært stor breidd og vise at nynorsk og dialekt kan brukast overalt, enten det er stykke av Fosse, Ibsen, greske tragediar, eller populærkultur og musikalar som Next to Normal og The Book of Mormon. For at dialekt og nynorsk skal haldast ved like og utvikle seg som scenespråk, må det vere i eit miljø der skodespelarane brukar det til dagleg og i alle typar teater. 

Etter mange år har Det Norske Teatret klart å bli både eit effektivt og populært teaterhus, også for andre framsyningar enn musikalar. Dessutan trekker teateret til seg eit ungt publikum, som lærer å bli kjent med og interessert i teater. Det kjem også Folketeatret til gode. 

Vi ønskjer Folketeateret lykke til vidare, og ingen ting hadde gledd oss meir enn om Knut Dahl meiner alvor om musikalar på nynorsk. Det ser vi fram til.

Magne Aasbrenn, leiar Noregs Mållag
Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag
Terje Svindseth, leiar Bondeungdomslaget i Oslo

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no